Aktiviteter

Del
Dato:  21.10.2017

Opning av nytt skyttarhus og skytebane

Leikanger skyttarlag invitere til offisiell opning av vårt nye skyttarhus og innandørs skytebane på Leikanger skyttarstadion Nybygget er realisert gjennom god støtte frå sponsorar og samarbeidspartar, spelemidlar, eigenkapital, gåver, gode leverandørar og ein formidabel dugnadsinnsats. Vi vil gjerne feire opninga og vonar du har høve til å delta. Programmet laurdag 21.oktober vert om lag slik: 12:45: Frammøte 13:00: Velkommen • Historia til skyttarlaget og baneanlegget vårt • Fotokavalkade frå byggeperioden og informasjon om prosjeket • Takk til sponsorar, samarbeidspartar, leverandørar og medlemmer 13:30 Talar og gratulasjonar 14:00 Servering 14:00 10 skyttarar opnar skytebana 15:00 Trekning av årets lotteri 15:30 Alle som ynskjer får høve til å prøve skytebana. Omvisning på Leikanger skyttarstadion På grunn av servering treng vi ei oversikt over kor mange som kjem. Vi ber derfor om at du sender ein e-post med påmelding til olav.skarsbo@gmail.com innan 1.oktober. Alle er velkommen! Styret