
Lerum Cup 2012 er i gang!
Då har Lerum Cup 2012 starta, arrangørane har vore i elden fleire stader.
17.05.12 Les mer
Klart for Vårtreffen 2012!
Arild Røyseth (biletet) og 219 andre skyttarar er klare for Vårtreffen 2012. Tysdag skal dei fyrst ei elden, og det vert spanande å sjå om nokon kan tukte Røyseth sin banerekord frå 2010 som er på 349 (15) poeng. Det vert som vanleg LIVE visning (meny til venstre) frå stemnet alle dagar.
09.04.12 Les mer

Benedikte Eide Ljøen i tet
Før siste skytedag i det Opne stemnet til Farnes skyttarlag er det Benedikte Eide Ljøen frå Leikanger skyttarlag som leiar klasse 3-5. Med flotte 246 poeng er ho eit poeng føre Morten Kvam frå Hafslo skyttarlag.
21.01.12 Les mer

Invitasjon til skytehelg i Indre Sogn!
Aurland, Tønjum, Knipenborg og Farnes skyttarlag byr inn til 4 stemner 15m skyting 21.-22.januar 2012. I tillegg til vanleg premiering har E-Co Aurland sponsa samanlagtpremiar for beste plassiffer og samanlagtsum.
29.12.11 Les mer

Lagsmeisterskap og juleskyting
26. desember vert det som vanleg lagsmeisterskap og juleskyting i Røti. Me startar med dei yngste 12:00. Dei vaksne startar så snart ungdomane er ferdige.
14.12.11 Les mer
Helene og Martin til finale!
Helene knalla til med 30/28 på feltrunden, Martin skaut 247 på bane, begge er klare for finalar. I tillegg persa Sara (biletet) med heile 239 slik at det vart ein flott dag i Bodø. 5. klassingane hadde diverre ikkje heilt dagen og havna eit stykkje nede på resultatlista.
03.08.11 Les mer
Helene og Leiv med 250!
Helene og Leiv banka inn 25 tiarar kvar, og er klare for finalen på bane!
01.08.11 Les mer
Helene klar for lagskyting på LS 2011
Etter ein god forsesong med mykje god skyting er Helene klar for laget på LS 2011 i Bodø.
06.07.11 Les mer

Skytetider LS 2011 Bodø
Skytetidene for LS 2011 i Bodø er no klare. Måndag 1. august vert den mest hektiske dagen for Farnes skyttarlag, med 7 skyttarar i elden.
23.06.11 Les mer

Ungdomsskytinga startar opp
Ungdomsskytinga startar opp i Mjøen tysdag 3. mai kl. 17:00
01.05.11 Les mer
Svein Kåre Furre vann etter spanande finaleskyting
Svein Kåre Furre frå Leikanger vann grovfelten etter ein tett duell med Robert Sandvik. Begge hadde fullt hus etter innleiande, og begge skaut fullt i finalen. Furre drog det lengste strået med 8 sentrumstreff mot Sandvik sine 4. På tredjeplass kom Rigmor Øygarden frå Farnes med 2 treff mindre.
30.04.11 Les mer
Innbyding til Ope feltstemne med finaleskyting i Mjøen
Farnes skyttarlag byr med dette inn til ope stemne i feltskyting i Mjøenlaurdag 30. april 2011
14.04.11 Les mer

Årdalsmeisterskap felt 2011
Årdalsmeisterskap i feltskyting LAURDAG 16/4-2011 klokka 11:00 på Loi skytebane
12.04.11 Les mer
Dugnad
I forbindelse med Ope stemne 30. april vert det kalla inn til dugnad for å klargjere dei ulike holda i Mjøen.
05.04.11 Les mer
Vårtreffen 2011 - Mjøen er avlyst
Etter synfaring i Mjøen 16. mars har Farnes skyttarlag beslutta at Vårtreffen 2011 vert avlyst. Grunna mykje snø og is er vegen ikkje køyrbar til denne tida, det er og mykje snø og is på standplass.
18.03.11 Les mer

Innbyding til feltstemner 27. mars
Knipenborg og Tønjum byr med dette inn til åpne stemne i feltskyting i Årdal og Lærdal sundag 27. mars 2011. Program: 30 skot iht. DFS sitt reglement, alle klasser. 15 skot for jegrar (jaktgevær) og HV-soldatar med AG3 Feltløypa for jegerar og HV-soldatar er ”innbakt” i løypa for dei vaksne.
14.03.11 Les mer

Flott 3. plass til Farnes i korrespondansefinalen
Finalen i korrespondanseskytinga for ungdom/veteranar var arrangert i Lærdal i kveld. Totalt 7 lag stilte opp, og våre ungdomar slo til med ein flott 3. plass. Jonas, Martin og Helene skaut for Farnes A. Farnes B kom og til finalen, og enda som lag nr. 7.
10.03.11 Les mer

Flott skytehelg i Indre Sogn!
Farnes skyttarlag har både arrangert og delteke på stemner denne helga. Heile 35 skyttarar frå laget vår har delteke på stemnene, noko som er rekord. Resultatmessig gjekk det og flott, med 2 sigrar og fleire 2. plassar!
23.01.11 Les mer

Velkomen til Ope stemne!
Farnes skyttarlag vil ynskje alle skyttarar velkomen til Ope stemne i minatyr 20.-23. januar i Røti. Heile 187 skyttarar er førehandspåmelde, fleire av desse toppskyttarar med erfaring frå Kongelaget. Like moro er det at heile 20 aspirantar deltek på stemnet!
19.01.11 Les mer

Skytetider 20.-23. januar, Ope stemne
Her er skytetidene til alle skyttarar frå Farnes for Ope stemne, 20.-23. januar i Røti. Me har med
11.01.11 Les mer

Resultatservice
3 av dei 4 stemna i Sogn denne helga har skyting og resultatservice LIVE.
21.01.11 Les mer

Endelege vaktlister miniatyrstemnet 22.-23. januar
Vaktlistene for miniatyrstemnet er utarbeida, og det er viktig at de gjer dykk kjent med denne og kva de skal gjere.
01.01.11 Les mer












