Resultat lags- og Årdalsmeisterskap i felt
Det har vore ei hektisk veke for feltskyttarane til Farnes. Lagsmeisterskap tysdag, Årdalsmeisterskap torsdag og Ope stemne laurdag. Her er resultata frå Lags- og Årdalsmeisterskapet.
28.04.12 Les mer
Det har vore ei hektisk veke for feltskyttarane til Farnes. Lagsmeisterskap tysdag, Årdalsmeisterskap torsdag og Ope stemne laurdag. Her er resultata frå Lags- og Årdalsmeisterskapet.
28.04.12 Les mer

Bjørn Indrebø gjekk til topp i feltstemna til Farnes skyttarlag med 42 treff totalt. Like bak kom Svein Kåre Furre med 41 treff. Finalen vart for fyrste gong skoten på elektronikk. I dei yngre klassane var det og mykje god skyting, best var Håvard Fossen Bolstad (biletet), Tønjum, i klasse ER med 42/11.
28.04.12 Les mer
Bjørn, Ludvig og Helene vart alle Samlagsmeistrar i felt under stemnet i Lærdal!
23.04.12 Les mer
Gunnar Halbjørhus frå Hemsedal gjekk til topps i klasse 3-5 med gode 348(18) under Vårtreffen 2012. Nærast Halbjørhus kom Elisabeth Skudalsnes som no skyt for Åsane/Hordvik, ho skaut 346(14). På 100-meter var det fleire som skaut fullt hus, men best av dei alle var Odd Kolsrud frå Begnadalen med heile 32 innertreff!
17.04.12 Les mer

163 skyttarar deltok på det opne stemnet i miniatyr i år. No er resultat- og premielister klare for gjennomsyn.
26.01.12 Les mer

Med 246 (10) gjekk Ove Sunde frå Dale heilt til topps i Farnes skyttarlag sitt opne miniatyrstemne. Både Kjartan Huldal frå Åsane/Hordvik og Benedikte Eide Ljøen frå Leikanger hadde same poengsum, men den røynde skyttaren frå Dale drog i land sigeren med fleire innertreff enn dei andre på 246.
23.01.12 Les mer

Miniatyrstemnet er i gang, resultat og direktevisning får de ved å nytte LIVE linken i menyen
19.01.12 Les mer

Ole Bjarne Hovland gjekk nok ein gong til topps og vart Årdalsmeister i miniatyr. Han skaut 243 poeng, Rigmor Øygarden tok 2. plassen med 240. Det var stor deltaking på årets meisterskap, heile 38 skyttarar deltok!
16.01.12 Les mer
Helene Vikøren gjekk til topps samanlagt etter 3x249 på stemnene til Nesse, Vadheim og Fjordane denne helga.
15.01.12 Les mer

Knipent tap for seniorlaget, medan det vart siger til Farnes A og B i fyrste runde.
09.01.12 Les mer
Ludvig, Leiv og Helene var med i finalen i Sparebanken Sogn og Fjordane cuppen. Ludvig vann med 2 poeng, Helene skrudde feil veg og vart til slutt nummer 5.
08.09.11 Les mer
Samlagsmeisterskapet i baneskyting var avvikla på Hafslo. Helene og Ludvig vann begge sine klassar under stemnet, som vart avvikla under fine skyteforhold på Hillestadstølen på Hafslo. I tillegg vann veteranlaget lagskytinga med Sigurd, Leiv og Ludvig på laget.
21.08.11 Les mer
Då har arrangøren lagt ut resultat, me skal prøve å oppsummere litt frå stemna.
04.07.11 Les mer
Ein av dei siste laga på 100 meter innleiande baneskyting inneheldt stort sett skyttarar frå Farnes. Etter at laget var avslutta var det mykje godord å høyre frå andre skyttarar som såg på live-visningen.
03.07.11 Les mer
Landsdelskretsstemna er no avslutta, og Farnes skyttarlag gjorde eit svært godt mesterskap. Både Helene Vikøren og Martin Wigum skaut godt på bane og felt, og ende begge opp som samanlagtvinnarar i klassane sine. Helene med ein 1. og 2. plass, Martin med to 2. plassar. Ludvig Indrebø vann baneskytinga i V65 med Sigurd Hatlenes like bak. Hjå seniorane var det Bjørn Indrebø som imponerte. 29 treff på felten og 3. plass på bane er solide saker i tøff konkurranse.
19.06.11 Les mer

Lerum Cup 2011 er avslutta, heile 286 skyttarar deltok på Farnes skyttarlag sitt stemne. Det vart mange gode resultat, og spesielt i klasse ER var det høg kvalitet, 6 skyttarar skaut 350!Det endelege stemneoppgjeret og lenker til resultat ligg vedlagt her.
06.06.11 Les mer

I kastevindar og regn vart det eit jamnt ÅM, der kun 1 poeng skilte dei 3 beste. Ole Bjarne Hovland, Knipenborg, trekte det lengste strået med 335(9). Rune Vikøren to 2. plassen med 334(11) og Rigmor Øygarden 3. plassen med 334(7).
24.05.11 Les mer
Bjørn Indrebø og Kristin Øvstetun var begge samlagsmeistrar i skifeltskyting 2011 under arrangementet til Norum skyttarlag.
13.03.11 Les mer

Denne helga arrangerer Leikanger (samlagsmeisterskap), Norum og Sogndal miniatyrstemne, og Farnes har sjølvsagt med mange skyttarar. Vi vil prøve å følgje med på resultata utover dagen på våre eigne skyttarar, og spesielt aspirantane våre som deltek på sine fyrste utanbygsstemner.
12.02.11 Les mer

Årdalsmeisterskapen i miniatyr var arrangert 2.-3. februar av Knipenborg skyttarlag. Vinnar klasse 3-5 vart Ole Bjarne Hovland med fantastiske 247.
06.02.11 Les mer

Vegard Solhaug, som no skyt for Åsane/Hordvik, vart suveren vinnar av Farnes skyttarlag sitt Ope minatyrstemne denne helga. Med 247 poeng og 10 sentrumstiarar var han heile 4 poeng føre Thore Larsen frå Sartor. Oppdatert 26.01.
23.01.11 Les mer

Lagsmeisterskapet var arrangert 26. desember, og det var Rune Vikøren som var best i klasse 3-5 med 235 poeng. Napp i pokalen var det derimot Svein Indrebø som skaffa seg ved å skyte 249 i klasse 1. Heile 15 aspirantar deltok, mange av dei sette personlege rekordar.
30.12.10 Les mer

7 skyttarar frå Farnes deltok denne helga på haustemnene i miniatyr som vart arrangert av Norum, Sogndal og Leikanger. Fleire skyttarar leverte gode prestasjonar, og Andreas stakk like godt av med sigeren i V73 på Leikanger.
21.11.10 Les mer

Helene var denne helga med på Ungdomsstemnet i Numedal, eit stemne for aspirantar, rekruttar, eldre rekruttar og junior. Helene skaut godt på bane, og fekk til slutt ein 8 plass samanlagt. Dette toppa ho med å vinne feltskytinga med 30/24, 2 innertreff meir enn nr. 2.
31.08.10 Les mer

Det vart arrangert klubbmeisterskap i baneskyting torsdag 19.aug.2010 på Mjøen skytebane. Geir Smedegård vart klubbmeister klasse 1-5. Helene Vikøren vann kl. Rekrut og Steinar Røyrvik vann kl. V65
20.08.10 Les mer
Her er LS2010 i tal. Alle resultat frå Farnes skyttarlag er summert opp i ein tabell.
10.08.10 Les mer

Fleire skyttarar frå Farnes nyttar dei 3 norgescupstemna som opplading til LS2010. Vi vil prøve å oppdatere resultata etter kvart som dei tikkar inn.
28.07.10 Les mer
Under stemnet på Bromma i dag skaut Helene 350 poeng! Det betyr at Farnes skyttarlag har fått eit nytt medlem i den eksklusive 350-klubben.
24.07.10 Les mer

Leiv Brun (V65) slo til med ny pers under skytestemnet på Stroka denne helga. 35 tiarar vert 350 og full pott! Ein flott prestasjon av veteranen.
19.07.10 Les mer
Fleire Farnes-skyttarar tok turen austover denne helga, noko som resulterte i sigrar og gode resultat. Ludvig Indrebø vann begge stemna i klasse V65, og Rigmor tok 5. klasse kravet for 5. gong denne sesongen.
06.07.10 Les mer
I dag tidleg skaut Martin og Helene feltfinale. Martin forsvara 4. plassen frå innleiinga, Helene fekk til slutt ein fin 6. plass. På baneskytinga skaut Helene 100, og rykka dermed opp på delt 4. plass og medalje! Martin skaut 97, sette ny pers med 341 og forsvara 9. plassen frå 25-skoten.
03.07.10 Les mer
Samanlagtresultata frå Jotunheimtreffen er no klare, og me kan med stor glede meddela at både Jonas (biletet) og Ludvig stakk av med samanlagtsigeren.
01.07.10 Les mer

Farnes har hatt fleire skyttarar på stemner denne helga. Både Sara, Martin, Jonas, Lennart, Rigmor og Kai sette nye personlege rekordar, mest imponerte nok Rigmor med 245-343 på Dovre. Imponerte gjorde og Jonas med 249-348!
27.06.10 Les mer
Finaledagen på Landsdelskretsstemna 2010 gav fleire medaljar til Farnes, og spesielt på feltskytinga var skytinga imponerande. Alle skyttarane frå Farnes skaut 12 treff i finaleskytinga! Ludvig og Sigurd sikra mellom anna dobbeltsiger i klasse V65. Den som nok imponerte mest var likevel Glenn Vie. Frå ein 14. plass på 30-skot skaut han best av alle i finalen og kapra 2. plassen, kun 2 innertreff bak Svein Kåre Furre frå Leikanger.
13.06.10 Les mer
Det var mykje god skyting frå Farnes-skyttarane i dag, noko som har resultert i fleire finaleplassar i morgon. Glenn Vie vart beste Farnes-skyttar med 29/13 på grovfelten. På finfelten har både Martin (R), Ludvig (V65) og Sigurd (V65), alle desse er og klare for finale. På bane er det Helene med 248 og V65 skyttarane vår som har levert dei beste prestasjonane.
12.06.10 Les mer

Farnes skyttarlag arrangerte jaktfeltskyting for jegrar og aktive skyttarar i kveld. Totalt 38 skyttarar deltok, og mange skaut fullt hus. Jegerklassen vart vunnen av Ole Morten Sunde med 20 treff og 57 poeng. Klassen for aktive skyttarar vart vunnen av Kai Wigum med same resultat.
07.06.10 Les mer
I ausande regnver sikra Farnes seg 2 nye poeng mot Tønjum A. Med 740-728 er no Farnes sikra finale. Martin skaut 244, Jonas (bilete) 247 og Ludvig 249 for heimelaget.
02.06.10 Les mer

Då var Lerum Cup stemnet til Farnes avslutta med heile 283 deltakarar. Resultata var rett og slett fantastiske! I tillegg til ny banerekord med 349(15) frå Arild Røyseth var det fleire som skaut fullt hus.
15.05.10 Les mer
Bjørn, Ludvig og Eirik har denne helga delteke på stemner arrangert av Nyborg og Brekke/Oppedal. Alle 3 oppnådde gode resultat, Ludvig vann Nyborgstemnet med 350 poeng.
09.05.10 Les mer
Alle skyttarane til Farnes slo til med ny personleg rekord då dei sikra seg 2 poeng i fyrste runde av Kiwi-cup mot Sogndal. Helene (R) skaut 249, Jonas (ER) 248 og Martin (R) 245.
03.05.10 Les mer
Samlagsmeisterskap i feltskyting 2010 vart arrangert av Tønjum skyttarlag i Tønjadalen. Veret var litt varierande, men feltopplegget var bra. Farnes fekk vinnaren i kl.R Helene Vikøren med (30/27) 42/10 og kl. 1 Geir Smedegård 18/8.
20.04.10 Les mer

Vårtreffen vart avvikla under flotte forhold i Mjøen, noko som og avspegla seg i resultata.Arild Røyseth frå Åsane/Hordvik (bilete frå LS 2008) klinte til med 349 poeng, noko som er ny banerekord. Artikkel er oppdatert med resultat- og premelister.
09.04.10 Les mer

Årdalsmeisterskapet vart avvikla under perfekte skyteforhold i Mjøen. Sol og blekkstilt er sjeldan kost i mars månad. Etter ein spanande anvisning var det veteranen Bjarne Sandvik som trekkte det lengste strået med 30/12.
27.03.10 Les mer

Rune Vikøren vann klasse 2-5/V55 med 27/15 treff. Han fekk sitt fyrste napp i vandrepokalen frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
23.03.10 Les mer
Feltstemna er no avslutta, og det var Robert Sandvik som stakk av med sigeren etter 30/21. Nummer 2 vart Per Ove Fossheim med 30/15.
20.03.10 Les mer

Årdalsmeisterskapen i miniatyr vart gjennomført denne veka med rekorddeltaking. Siste skyttar ut, Ole Bjarne Hovland vart vinnar i klasse 3-5 med 242.
19.02.10 Les mer
Då er resultata etter Ope stemne klare. Det var mykje god skyting i Røti, og i klasse 3-5 var det Arild Røyseth frå Åsane/Hordvik som var best. Han skaut heile 247 poeng, 2 meir enn Thore Larsen frå Sartor. Heile 185 skyttarar deltok på stemnet.
31.01.10 Les mer

| M | T | O | T | F | L | S |
| 30 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 |
| 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 |
| 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 |
| 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 |
| 28 | 29 | 30 | 31 | 1 | 2 | 3 |