Den fyrste skipinga
I 1887 vart dei første skyttarlaga skipa i Årdal. Vikadalen og Årdalstangen skipa laget Jotunheimen. Den første formannen var Anders Anderson Prestegard. Bana var på Sanden på Tangen. Det vart ugreia med statstilskotet og laget vart nedlagt.
Skytebane 100 meter med steinskive. Til slutt så tunn at det vart skote hol i den. Blyet vart teke vare på og oppattbrukt. Måling for kvar skyttar. Svart og kvit.
Konkuranseskyting ein haust i kvart lag. All premieskyting like etter «mikeli» med fest og premieutdeling.
Skyttarane var inndelt i tre klassar.
![]() |
Bilete lånt frå Årdal Sogelag
Knipenborg skyttarlag skipa i 1900.
O.A.Lægreid gjorde opptaket til skiping av skyttarlaget og gjekk med lista og teikna medlemer. Eit skyttarlag i Vang i Valdres hadde teke namnet Jotunheimen og laget vårt fekk ikkje ta opp att gamlenamnet.
Det fyrste geværet laget hadde var eit gammalt Remington-gevær etter det gamle skyttarlaget. Kosta nytt løp i det. Laget hadde berre dette eine geværet. Så kjøpte laget nokre gamle Lunds - gevær av staten for 7 kr. Sikteinndelinga var på alner.
Blykuler, steinskiver 5-delt.
Styret: Lensmann Seim - fyrste formann (gamle Seimen). Nils A. Lægreid (Hola) nestformann. Desse fungerte eit år.
2. Året formann O.T.Lægreid, nestformann Ole A. Lægreid. Ole T. Lægreid var med under starten. Jan Hille, Søren Eldegard, Eivind H. Lægreid, Ole Tolleivsen, A. Hamre, Sjur S.Lægreid, Ole Johnsen?, Jørgen G. Lægreid, Jakob Dahl, Martin A. Lægreid, Jørgen Johan Lægreid (Hole-Jørn), Anders T. Lægreid. Den fyrste instruktøren i laget var O.A.Lægreid, som stod som slik 28 år.
Det vart halde korgefest til innsamling til kjøp av Krag-gevær, innkome kr. 14,-. Han Lykkje-Knut kjøpte korg, men var uheldig og kvalde innhaldet av korgi på golvet. Han skulde luta seg ned å ta opp innhaldet hadde han ei brennevinsflaska i lomma utan kork. Det rann frå flaska. Då var det ei jenta som ropte: «Nei der pissa han Knut på golvet.»
Pengane vart sett i bank. Det skulle absolutt kjøpast Krag-Jørgensen. Det vart gått med tiggarliste. Pengane var ikkje lett å skaffa, og det gjekk fleire år før det vart kjøpt. Det fyrste Krag-Jørgensen kom til laget i 1908 og det var O.A.Lægreid og J.Dahl. Straks etter vart det kjøpt Krag-Jørgensen til laget.
Ungdommen voks til og det vart kjøpt fleire og fleire gevær. Interessa var god. Skiver vart arbeidd. Finansane var det skralt med og det var ikkje lett å vera kasserar. Dei fyrste åra var det brukt Remington, Lunds og Krag-Jørgensen.
Tale fra 50-års festen.
Knipenborg skyttarlag
Når det er skipa til fest her i kveld med skyttarlaget som arrangør, så er det ein bestemt bakgrunn. Det er 50 år sidan laget laget vart skipa. Laget har arbeidt trutt fram gjennom åra både i gode og dårlege tidar og det har vore i verksemd heile tida, bortsett frå okupasjonstida i krigsåra.
Sport og idrett har vore dyrka lenge her i landet og som ein hobby herunder kjem skytinga. Med skyting her meiner eg geværskyting på bane mot faste og rørlege mål. Denne sport har vore mykje dyrka utover landsbygdene og alt i 1861 høyrer ein tale om organisasjonar for skyting og idrett.
Såleis ha me Centralforeningen for utbredelse av legemsøvelser og våbenbruk som vart skipa 15. Mai 1861. Det var mest høgrefolk som fekk denne foreningen skipa og når det går politikk i eit arbeid så er det ikkje alltid at dette går godt og det vert rivningar og det vart det og denne gongen sjølv om det ikkje var så mange politiske parti.
Johann Sverdrup var ein tru talsmann for forsvarssaki. «Forsvaret måtte reisast, sjølvstendet må haldast oppe kva det skal kosta, det er den første og siste lov,» sa Sverdrup. Då-tida sitt opprevne politiske forhold førde til at det vart skipa eit Folkevæpningssamlag. Høgrefolket oppfatta Folkevæpningssamlaget som ei Stortings - hær med opprørske tendensar og tankar om å slå riflering om Stortinget.
Det fyrste Folkevæpningssamlaget vart skipa i Nord-Trøndelag fylke 29.januar 1881, altså 20 år etter at Centralforeningen vart skipa. Frå slutten av 1880-åri var det oppe framlegg om samanslåing av desse to foreningane. Men fyrst i 1883 vedtok Stortinget ein ny organisasjon av skyttarordningen med det Folkevæpningssamlaget og Centralforeningen vart slegne saman. Den nye organisasjonen som egentleg besto av dei to gamle fekk namnet Det frivillige norske skyttervesen. Seinare fekk me ei ny ordning med eit skyttarkontor.
Centralforeningen hadde gjort eit framifrå arbeid, då ho frå grunnleggjinga i 1861 tok på seg å gje skyttarlaga ei sama ordning for heile landet med omsyn til alle reglar og fyresegner som må vera like: Skothald, skiver, børser, skytereglement, klassedeling, medaljar o.s.b.
Centralforeningen hadde lånt ut børser til laga, sytt for billeg kjøp av rifler og ammunisjon, fått til skyttarstemner for krinsar eller større landsluter og hadde på alle vis freista hjelpa fram hugen til skyting og skytedugleik. Men det låg i sjølve organisasjonen og ordninga av Centralforeningen at ho ikje gav skyttarlaga høve til å kjenna seg sjølvstyrde, det var eit styre «ovanfrå» som ikkje høvde etterat skyttarlaga hadde fått meir røynsle.
Det var nok så at laga kunne velje ein ombodsmann dersom dei hadde minst 50 lagsmenn, men denne ombodsmannen skulle bu i eller ved Kristiania. Dette var i alle høve eit Kristiania-styre som for storparten av dei meir enn 350 skyttarlaga vart usmakeleg.
Centralforeningen gjorde framlegg om eit brigde i skipnaden sin, men gjekk ikkje langt nok. Mange ville ha ein heilt ny skipnad for heile landet. Og dit ville ein ha kome mange år seinare, då idretten vart utskild frå Centralforeningen.
Men nett i denne tida kring 1880 åra var det ikkje rolege tider, folk var svært opptekne med politiske spørsmål andsynes Sverige, særleg unionskongens veto i grunnlovssaker.
Styre og representantskap i Centralforeningen vart rekna for å stå på same sida som regjeringa, og såleis for å høyra til eit visst politisk parti, Høgre. Dette kunne ein ikkje finna seg i. Då var det som før nemnt at det fyrste Folkevæpningssamlaget vart skipa i 1881 med Ola Five som formann.
Dette føredømet vart fylgt over heile landet, på kort tid vart det skipa ei mend folkevæpningssamlag, som snart fekk ein landsorganisasjon med Five som formann.
Med det tok det til ein ny tidsbolk åt skyttarskipnaden, med Five som førar. Så sterkt stod Five millom skyttarane og i folket at det som før var gjort av Centralforeningen kom i bakgrunn og vart i noko mon gløymt.
Også her i bygdi kom den tanken tidleg opp og skipa til skyttarlag, og fyrste skyttarlaget tok til i slutten av 1880-åri. Laget heitte den gongen Jotunheimen og det var tilslutta Folkevæpningssamlaget. Laget gjekk nokre år og gjekk godt, men så var det eit år at statstilskotet utevart og det vart ikkje noko til premiar at interessa minka. Neste år vart det heller ikkje statstilskot og såleis ingen premiar, men då vart laget innstilt eller nedlagt. Det var ikkje nokon som ville skyta om premie når dei ingen premie fekk.
Laget låg då nede i nokre år, men så i 1900 fekk tanken om å atterreisa laget nytt liv. I mellomtida var det skipa eit nytt skyttarlag i Vang i Valdres og dette laget hadde då teke namnet Jotunheimen og så fekk ikkje dette laget ta att det gamle namnet.
Kva det står om Knipenborg i ulike bøker :
Laberg 1932
I 1887 vart dei første skyttarlaga skipa i Årdal. Vikadalen og Årdalstangen skipa laget Jotunheimen. Den første formannen var Anders Anderson Prestegard. Bana var på Sanden på Tangen. Jotunheimen slutta i 90 åra. I 1900 vart det so att skyttarlag på Tangen. Det fekk namnet Knipenborg, avdi eit lag i Valdres i mellomtida hadde kalla seg Jotunheimen. Lensmann Erik Seim vart formann. Skomakar Ola A. Lægreid har vore aktiv sidan.
Norges skyttere i ord og bilder.
Knipenborg skyttarlag vart stifta i 1900 av Ole A. Lægreid, og har namn etter eit fjell i nærleiken. (vert kalla Raudbergsnuten i dag)
Laget si bane ligg på Loi og har 8 skiver på 100 meter og 10 på 300 metter. Det er meininga å bygge ut bana til også å omfatta 4 skiver på 600 meter. I tidas løp har det vore skifta bane tre gonger. Loi ligg sentralt til med hovudvegen like inntil standplass, og på venstre side eit vatn og på høgre side eit høgt fjell. Laget har eigen instruktør.
Det vert ikkje arrangert bestemte stemner, men innan laget konkurrerer ein om Gamleheimspokalen og Tiedemanns pokal. Laget har aksje i ein pokal. Det er namngjeve og presentert 28 medlemer i 54. Av desse nemner ein Egil Asperheim, Per Borkhus, Erik Hæreid, Gunstein Hæreid og Norvald Sundheim.
Møtebok
Den 24. september 1950 vart den nye skytebana på Loi opna med premieskyting. Jørgen Asperheim var formann i skytebanekommiteen, Erik Hæreid lagsformann. Sitat ”men deltaking i det friviljuge arbeidet har vore svært skiftande. Særleg har interessa hjå dei eldre og ytinga vore meir enn ein kunne venta, men interessa hjå dei yngre kunne ein venta betre.
Årdal Verk løyvde 2000 kroner til anlegget, Årdal kommune 400.
1. oktober var det 50 års jubileumskyting, og den 25. november jubileumsfest i ungdomshuset.
50. åra:
51- medlemsfest med damer: Sitat:” Kvinnehjelp vert å leiga”.
52- marknad i ”folkets hus”.
53- anonym gjevar stilt pokal til disposisjon til lagsskyting. Vedteke å kjøpa inn to gevær kal. 22.
54- medlemskontigenten skal vera kr. 3,-.
55- klassesetjinga godkjend, festen sett til 10.12. Gunstein Hæreid samlagsmeister på bane på Leikanger.
56- Gunnstein Hæreid vald til lagsformann. Olav L. Hæreid vann jubileumstemna på Leikanger. John Kjellevold samlagsmeister i feltskyting i Øvre.
57- samvirkepokalen og bankpokalen som lagskytingar. Framlegg til klubbmerke ikkje godkjent.
58- lensmannspokalen (eigentleg gjeven av Lohne i Bergen), medlemskontingenten heva frå kroner to til tre.NB:-54!!!! Gunstein Hæreid tek org. Medaljen i gull, frå før hadde John Kjellevold, Olav L. Hæreid og Alfred Tryti denne.
59- styret ser slik ut: formann Gunnstein Hæreid, nestformann Rolf Asperheim, kasserar John Kjellevold, styremedlemer Olav L. Hæreid og Alfred Tryti.
60. åra:
60- Alfred Tryti ny formann. John Kjellevold tek medalje på landskyttarstemnet i Sandnes, 14 plass – beste plassering nokon sinne på landstemnet av ein knipenborgar.
61- Årsmøtereferat: ”Som året før”. Gunstein Hæreid nr. 4 på Lars L. Ese si minnestemne i Balestrand. 240 deltakarar derav fleire ”kongar”. John Kjellevold samlagsmeister i feltskyting i Lærdal.
62- John Kjellevold nr. 2 på fylkesstemna på Leikanger elles, sitat: ” Skytesesongen har i år ikkje gått særleg bra”!
63- John Kjellevold vann ekstraskytinga om Olav Five trofeet. Innandørskyting starta opp i Folkets hus. John vart samlagsmeister i både bane og felt dette året, på bana framfor Gunnstein Hæreid. John var også utteken på DFS sitt landslag til nordisk meisterskap, men kravet om å skyta med mauser gjorde at han trekte seg. (Olav Medås, Tormod Ness). John fekk og gullmerket i Nationens landskyting. John Kjellevold sitt største skyttarår.
64- Medlemskontingenten sett til kr. 5,-, for medlemer under utskrivingsalder kr. 3,-
65-Reparasjon og istandsetting av skyttarhuset på Loi. Ammunisjonssubsidier: 10 øre pr. skot.
66-Vedtak om å laga overbygg på 300 m standplass. John Kjellevold samlagsmeister i felt i Kaupanger. Dette året var han også småkonge på landsdelsstemna i Høyanget – kongepokal.
67- Olav L. Hæreid heradsmeister i feltskyting. Standplass 300 m i standsett med overbygg og støypt såle.
68- Gunnstein Hæreid gåvepremie på landstemna i Trondheim – grunnlaget. Rekrutteringsvanskar.
69- John Kjellevold samlagsmeister i feltskyting – 4. gang på Kvikno i Lærdal. Fornya leigekontrakten for 20 år.
70. åra
70- laget arrangerer skyteprøven for jægrar. Gunnstein Hæreid lagsformann.
71- John Kjellevold samlagsmeister på bane – 2. gong.
72- Overbygg på 100 meter fullført.
73- Medlemspengane auka til kr. 10. Ammunisjonspris 50 øre pr. skot. Første kvinne som tok jegerprøva.
74- Innlagt straum i skyttarhuset. Laget hadde ny formann etter Gunstein Hæreid dette året, men, sitat: ”Formannen i laget har av eige påfunn trekt seg som formann”.
75- Bjarne Sandvik vald til lagsformann. Kjøpt inn to mauser banegevær. 75 årsjubileumstemne 30. og 31 mai, den største i laget sin historie til no. Vinnar Bjarne Sandvik.
76- 60 cm skiver på 100 m. Rekrutteringa tek seg opp.
77- Klubbmerket innført.
78- Arne Forren samlagsmeister i skifeltskyting.
79- Jostein Granby landsdelsmeister i feltskyting for rekruttar.
80.åra
80- Bjarne Sandvik samlagsmeister i miniatyr, Jostein Granby i felt for rekrutt. Laget arrangerte samlagstemna i baneskyting – den til no største arrangement i laget sin historie – 250 påmelde. Karl Erik Aalen samlagsmeister i rekruttklassa, Robert Sandvik i junior. Arne Forren samlagsmeister i skifeltskyting.
81- Robert Sandvik samlagsmeister i baneskyting i juniorklassa. Bjarne Sandvik medalje på landstemna.
Ny skanse og stativ 100 m.
82- Robert Sandvik samlagsmeister i miniatyr for junior. Han vann også stangskytinga i klasse 1 på landstemnet dette året. Geir Åge Hæreid norgesmeister i junior i skifeltskyting.
83- Karl Erik Aalen samlagsmeister i junior i feltskyting. Robert Sandvik vann trekantstemna. Bjarne Sandvik hadde same resultatet som vinnaren av offiserspokalen på landstemnet dette året. Karl Erik Aalen landsdelskrinsmeister i baneskyting for junior.
84-Jan Petter Vee samlagsmeister i miniatyr i rekruttklassa. Rune Vikersveen samlagsmeister i feltskyting for rekruttar. Karl Erik Aalen nr. 4 i klasse 1 – bane - på landstemnet i Sandnes. Dette året rauk B-gjengen omskytinga om samlagsmeisterskapen i bane – lagskyting.
85- Laget har passert 200 medlemer. Bjarne Sandvik samlagsmeister i miniatyr 2-4, Inge Arild Vee i klasse 1.
Første året med Borhaugfelten. Landbrukshalvtimen i Valdres.
Bjarne Sandvik vart samlagsmeister på bane på Leikanger.
86- Bjarne Sandvik vart samlagsmeister i miniatyr. Det same Roy Yttri i junior. Dette gjentok Roy i feltskyting.
Bjarne leia hovudskytinga i felt, men sideeskruen……..!!!! Han tok sitt mon igjen i Målselv – landsstemnet, då inntok han plassen i kongelaget som første og einaste knipenborgar til no. Roy tok sitt tredje samlagsmeisterskap – bane – dette året!
87- Morten Asperheim samlagsmeister i miniatyr for rekruttar, og gjentok bedrifta på bane i Øyradalen og vart landsdelskrinsmeister same året. Opptaket til reguleringsplan for Loi med skytebaner innregulert gjort.
88- Bjarne Sandvik – småkonge og kongepokal. Knipenborg arrangerte samlagstemne på bana ( til Farnes ).
89- Are Hestetun vann juniorklassa på fylkesstemna i miniatyr på resultatet 249- norgesrekord den gongen!!!! Robert Sandvik samlagsmeister i miniatyr. Ole Bjarne Hovland i finalen på landstemnet i Kristiansand i felt.
Rekord i innskotne pengepremiar – over 16.000,-
90. åra
90- Reidar Hestetun vann fylkesfinalen i miniatyr. Morten Asperheim vann klasse 1 i landsdelskrinstemna i felt.
Rune Vikersveen 8,93 sek. På stuparen på landstemnet- Laget sin desidert beste ”cowboy” gjennom tidene.
Reidar Hesteun i landstyret i DFSU. Klubbdrakter.
91-. Robert Sandvik samlagsmeister i miniatyr. Fredrik Hesteun samlagsmeister i felt for rekruttar. Knipenborg deltek i Austlandscupen.
92- 303 medlemer. Knipenborg vann fylkesfinalen i baneskyting. Bjarne Sandvik oppnådde 346 å på fullt program i Aurland.(Kva er banerekorden?)
93- Robert Sandvik 150 å på klassen i Aurland. Fredrik Hestetun 247 å på bane og 29/ 19 i felt på landsstemnet på Oppdal. Samagsmeister på bane helga ettterpå med 348 p.
94- Skyttarkontoret v/ advokaten tek over arbeidet med reguleringa av Loi.. Ole Bjarne Hovland samlagsmeister i feltskyting. Fredrik Hesteun inn i 350 klubben. B-laget slo A-laget på samlagstemna i Øvre i lagskytinga.
95- Reguleringsplanen for Loi godkjend. Magne Vikøren samlagsmeister i miniatyr i junior. Det same i felt for Magne sin del. Ole Bjarne 340p på landstemnet, totalt nr. 35 i baneskytinga – medalje. Are Hestetun nr. 100 på felten – landsstemnet.
96- Are Hestetun samlagsmeister i miniatyr. Ole Bjarne Hovland i feltskyting.
97- Skjønnet på grunnprisen på Loi er klar. Are Hestetun 29 treff på feltskytinga – landstemnet i Førde.
98- Robert Sandvik leia landstemnet i Steinkjær lenge på 244p på 25 skot bane. ( Veit dokk itj kor folk kjæm fra!!!). Knipenborg fylkesmeistrar i lagskyting. Knipenborg overtok bruksretten til regulert område på Loi. Laget arrangert landsdelsstemnet i feltskyting i Seimsdalen. Fredrik Hestetun 240 på landsstemnet – skaut om Aftenposten sitt fat. Are Hestetun 250 av 250 moglege i A-pressens landskyting. Bjarne Sandvik 247 å i miniatyrstemne – fylkesrekord. Knipenborg sitt 2-5 lag gjorde reint bord i alle laglagskytingar – samlagscup, fylkescup og lagskytinga på samlagstemna.








