Kontakt oss

Epost:

Adresse:
Leikanger skyttarlag
6863 Leikanger

Kontonummer:
3781 07 31045




Utesesongen er starta og lister for skytetidar og instruktørar er på plass

Dei unge skyttarane har no flytta treninga si opp i Eivaldgjerde og skyt no på 100 meter.

17.04.12   Les mer

Oppstartsamling for dei unge - trygg lasting av bil - våpenpuss

Onsdag 11. april blir det oppstartsamling for dei unge, deretter blir litt for alle. Så vi oppfordrar både unge, foreldre og vaksne skyttarar til å møte opp i skyttarhuset i Eivaldgjerde (utebana).

09.04.12   Les mer

Lagsmeistarskap innandørs for ungdom

24 skyttarar deltok på lagsmeistarskapet for ungdom og det vart oppnådd mange gode resultat.

01.03.12   Les mer

Miniatyrbana er stengt for andre brukarar søndag 4. mars kl. 13-16 grunna samling

Søndag er det samling for aspirantar som startar å skyte utan reim. I den samanheng er bana stengt for andre skyttarar.

29.02.12   Les mer

Skytetider innandørs 2011-12

Då er innandørssesongen i gang og det er fordelt skytetider og sett opp instruktørar. Grunna stor pågang er det noko aktivitet blant dei unge også måndag og torsdag i tillegg til heile onsdagen.

09.01.12   Les mer

Lagsmeistarskap bane på 100m

Eit flott opplegg, mykje god skyting, pølser og saft. 23 deltakarar var godt frammøte no på slutten av sesongen. Heile 10 skyttarar i aspirantklassen.

23.08.11   Les mer

Lagsmeistarskap i finfelt vart gjennomført tysdag 3. og onsdag 4. mai med mykje god skyting

25 skyttarar deltok. Det var stort aldersspenn frå dei yngste til vinnaren i V73. Ragnar Husabø med sine 29 treff viser at dei eldste er eldst. Lagsmeistarskapet var delt over to dagar, tysdagen for dei som skyt med grovkaliber og onsdagen for dei med finkaliber.

05.05.11   Les mer

Treningstider for ungdomsskyttarar våren og sommaren 2011

Treningstider onsdagar på 100m bana våren og sommaren 2011

27.04.11   Les mer

Treningstider for ungdomsskyttarar våren og sommaren 2011

Treningstider onsdagar på 100m bana våren og sommaren 2011

14.04.11   Les mer

Møte i ungdomsutvalet 24.03.11

Referat frå møte i ungdomsutvalet kan du lese her.

14.04.11   Les mer

Lagsmeistarskap miniatyr for ungdomsklassane

Onsdag 10. mars gjennomførte våre unge skyttarar lagsmeistarskap. Det vart oppnådd mange gode resultat.

09.03.11   Les mer

Trenaroppsett ungdomsskyting på onsdagar

Det er sett opp oversikt på onsdagstreningane ut vinteren.

04.01.11   Les mer

Ungdomssamling 4. desember 2010

4.desember vert det arrangert ungdomssamling for juniorar på miniatyrbana til Leikanger.

03.11.10   Les mer

Skytetider for dei unge hausten 2010

Ungane har hatt oppstartssamling med utdeling av premiar frå tidlegare i år og utdeling av refleks.

20.10.10   Les mer

Oppstart for unge og nye skyttarar vinteren 2010-2011

Ungdomsutvalet i Leikanger skyttarlag startar opp skytesesongen med oppstartssamling måndag 18.oktober kl. 18:00 – ca. 20:00

12.10.10   Les mer

Oppsett for skytetider og trenarar for dei unge

Oppsettet for treningstider er no klart. Her finn ein når kvar enkelt skal skyte ute på bana i Eivaldgjerde. Det er også ført om kven som er instruktør. Instruktørane må skifte innbyrdes og melde ifrå til Olav.

18.04.10   Les mer

Ungdomane flytter ut

Ungdomsutvalet har fått vårfølelse og flyttar no utandørs. Det blir oppstartsamling i skyttarhuset i Eivaldgjerde onsdag 7.april kl.1830.

06.04.10   Les mer

Lagsmeistarskap miniatyr for ungdomsklassane

24 deltakarar og mange gode resultat. Best av alle var Andreas Oppedal Jacobsen med 250p i klasse Eldre Rekrutt.

19.02.10   Les mer

Treningstider for dei unge vinteren 2010

Dei unge skyttarane har starta opp att etter nyttår og vi kan med glede konstantere at det har dukka opp nye skyttarar.

09.02.10   Les mer

Referat etter møte i ungdomsutvalet

21. desember 2009 hadde ungdomsutvalet møte. Satsing for 2010 sesongen og uttak til lagskytingar, var nokre av sakene som var oppe.

09.01.10   Les mer

Oppstart på miniatyrbana for dei unge - onsdag 21.oktober kl.18

Skyttarlaget ønskjer alle nye og "gamle" skyttarar velkomne. Ta med deg foreldre og møt opp for å få informasjon om skytetrening utover hausten.

18.10.09   Les mer

Lagsmeistarskap finfelt

Lagsmeistarskapet på finfelt var tenkt gjennomført på elektronikk, men det enda på papp. Det var mange gode resultat 1.september. 8.september skaut veteranane lagsmeistarskap, regntungt og mørkt, men likevel god skyting på dei som møtte.

01.09.09   Les mer

Lagsmeistarskap finfelt utsett

Då det må ein dugnad til for å montere feltfrontar på elektronikken, må lagsmeistarskapet utsettast til dette er på plass. Det blir derfor vanleg trening denne veka.

09.06.09   Les mer

Lagsmeistarskap bane 100m

Mykje god skyting på lagsmeistarskapet og god deltaking. Heile 28 skyttarar deltok.

16.05.09   Les mer

Endringar på dato for lagsmeistarskap for dei unge

Ungdomsutvalet har gjort nokre endringar/tilpassingar på terminlista.

11.05.09   Les mer

Oppstartsmøte for dei unge

Onsdag 15.april var det oppstartsmøte for utesesongen for dei unge skyttarane.

16.04.09   Les mer

Lagsmeistarskap i miniatyr for dei unge

26 skyttarar deltok i Leikanger skyttarlag sitt lagsmeistarskap i miniaturskyting 18.februar. Malin Sæbø Nes, Andreas Oppedal Jacobsen, Thor Harald Bergum Jensen og Maria Sæbø Nes vart lagsmeistar i sine klassar.

19.02.09   Les mer

Skytetider for våre unge i helga

Det er oppsett skytetider og fordeling av våpen for dei unge. Alle som har behov for å låne våpen, høyrselvern, albogebeskyttarar, støtte osv, må møte på miniatyrbana fredag kl.1600-1615.

05.02.09   Les mer

5. runde i karusellen

28 skyttarar var med i denne runden. Også denne gangen var det mykje god skyting.

22.01.09   Les mer

4.runde i karusellen for dei unge

29 skyttarar deltok i denne runden. Då det samtidig gjeld som korrespondanseskyting for dei som skyt utan støtte, skyt alle no 25 skot teljande. Det var mange gode resultat.

08.01.09   Les mer

Nytt tilbod om skyteskule

Vi har no fått utvida kapasitet på skyteskulen om måndagane. Dette er eit tilbod for dei som ønskjer å satse vidare på skytesporten.

03.01.09   Les mer

3. runde i karusellen for dei unge

Mange skyttarar har delteke på dei 3 første rundane i karusellen. Alle som skyt minst 4 av totalt 6 rundar i karusellen får premie. Det var mykje god skyting av dei frammøtte.

11.12.08   Les mer

Oppdatert liste med skytetider for dei unge

Her er liste oppdatert 21.november, som viser skytetidene på måndagar og onsdagar.

21.11.08   Les mer

Maria Sæbø Nes vart i år medlem av 350-klubben

350-klubben er ein ekslusiv klubb for dei som har gjennomført konkurransar utan at dei har vore uti niaren.

20.10.08   Les mer

Skytetider for dei unge vinteren 2008-2009

Her er oppdatert liste med skytetider for dei unge, lista er endra 26.10.2008.

26.10.08   Les mer

Oppstart på miniatyrbana for dei unge

Vi ønskjer nye og "gamle" skyttarar velkomne. Elevar i 4.klasse (10 år i 2009) og eldre kan delta. Møt opp onsdag 15. oktober kl.1830 på miniatyrbana i ungdomshuset.

15.10.08   Les mer

Fruktbare dagar

Leikanger skyttarlag arrangerte skytingens dag under Fruktbare dagar.

18.10.08   Les mer

Lagsmeistarskap bane 100m

Maria Sæbø Nes skaut fullt hus 350 i Eldre Rekrutt. Maria har vore nær før også, men no lukkast ho med fullt hus. Vi gratulerar.

22.05.08   Les mer

Lagsmeistarskap felt

14.-15. mai var det lagsmeistarskap i felt for dei unge. Mange gode resultat vart oppnådd. Best av alle var Maria Sæbø Nes med 30/19.

15.05.08   Les mer

Info frå ungdomsutvalet om lagsmeistarskap

Ungdomsutvalet inviterar alle unge til lagsmeistarskap i både felt og bane no i mai.

10.05.08   Les mer

Info frå ungdomsutvalt om Landsdelskretsstemna i Ålfoten

7.-8. juni er det Landsdelskretsstemne i Ålfoten, både bane og felt. Ungdomsutvalet har sendt ut ein del informasjon som du kan sjå her.

09.05.08   Les mer

Treningstider for dei unge sommaren 2008

All treningsaktivitet for dei unge er no flytta ut på bana i Eivaldgjerde.

30.04.08   Les mer

Ungane flytter sin aktivitet frå miniatyrbana til Eivaldgjerde i april

Når dei unge flyttar aktiviteten ut etter "Kjeringi-open helgi" 19.-20. april, medfører det at våpen og utstyr blir plassert i Eivaldgjerde. Ingen må flytte rundt på monitorar utan at det er avklart med Jørn.

03.04.08   Les mer

Treningsopplegg for dei unge våren 2008

Ungdomsutvalet gjennomfører trening på miniatyrbana onsdag 2. og 9.april. Info om skytetider vert sendt ut på SMS til skyttarane. Dei som ynskjer å trene på bane- og feltskyting kan no gjere dette på torsdagar. Oppmøte på 100m bana kl. 17:30 Onsdag 16.april kl. 18:00 vert det oppstartsmøte for utesesongen med premieutdeling og informasjon om bane og feltskyting. Alle skyttarar med foreldre og føresette er velkommen i klubbhuset i Eivaldgjerde.

02.04.08   Les mer

Lagsmeistarskapet innandørs for dei unge

Maria Sæbø Nes, Andreas Jakobsen og Unni Lefdal Hove er lagsmeistar i miniatyrskyting. 21 skyttarar deltok. Mange fine resultat.

12.03.08   Les mer

6. runde i karusellen for dei unge

Då var alle karusellskytingane for dei unge for vinteren gjennomført. Totalt 36 unge har delteke i karusellskytinga denne sesongen. Aldri før har vi hatt fleire aktive unge noko som viser at rekruteringa i laget er svært god.

19.02.08   Les mer

5.runde i karusellen for dei unge

Totalt 36 av våre unge skyttarar har delteke i karusellskytinga. Av desse har 14 skote alle dei 5 rundane, og kan dermed stryke sitt svakste resultat. Beste skyttar i den 5.runden vart Vidar Skarsbø Dale med 199 poeng i Eldre Rekrutt. Vi merkar oss mange av dei yngste skyt godt. Unni Lefdal Hove og Eirik Husabø har begge over 180 eller betre som teljande resultat i klassen Rekrutt Med Støtte. Gabriell Yttri, 1.års Rekrutt, skyt gode 190 i siste runde.

24.01.08   Les mer

4. runde i karusellen for dei unge

Resultat etter fire rundar i karusellen for dei unge. Mykje bra skyting og god deltaking! Maria Sæbø Nes fekk også i denne runden fullt hus med 200 poeng!

10.01.08   Les mer

Vellukka ungdomssamling på Leikanger

Ungdomsgruppa i Sogn Indre skyttarsamlag gjennomførte samlinga saman med Leikanger skyttarlag.

15.12.07   Les mer

3. runde i karusellskytinga for dei unge

36 skyttarar har delteke på minst ei karusellskyting. Dei som deltek på minimum 4 av 6 karusellskytingar er sikre premie. Neste runde er måndag 7. januar og onsdag 9. januar.

13.12.07   Les mer

600