Skiping av skyttarlag startet for alvor i 1850-åra. Desse var tilsluttet Centralforeningen, og i
1862 var det over 200 skyttarlag med 11.000 skytterer som var medlemmer.
Men alle var ikkje fornøyd med Centralforeningen. I dette styret besto dei fleste av høgare offiserar. I tillegg bygde det seg opp politisk strid. Det gjaldt om folket gjennom stortinget skulle rå landet, eller om svenskekongen skulle ha makta. Militær makta og offiserane sto på kongemakta si side, men stortingen sette hard mot hard, som munna ut i riksrettdom i 1884..
Folket som ynskte endring ville skipa ein eigen riflering som skulle tena Noregs storting og det norske folk. I spissen for dette arbeidet stod blant anne stortingsmann H. E. Berner og Jon Hoel. Sistnemnde var Norsk skyttartidene sin første redaktør.
Etter oppmodning frå Hans E. Bjøndal vart det danna folkevæpningslag for Hordaland i 1881.
Samlaget hadde sitt første ordinære møte i Norheimsund og her møtte ombudsmenn frå Odda.
I etterkant at dette møte kom det ein anonym oppmodning i Søndre Bergenhus Folkeblad om å skipa til skyttarlag i Odda. Møte vart halden 4. mars 1882 der det møtte fram 35 ungguttar og menn i fylgje til møteboka. På skipingsmøte vart Haldor J. Eitrheim valt til formann.
Dermed vart skyttarlagett også det første idrettslaget i Odda.
Nokre av medlemmene kjøpte seg eigne våpen, og oddingane viste stor interesserte. Her kan det nemnast at Olav J. Digranes gjekk frå Odda til Skien i 1894, for å være med på Landsskyttarstemne. Om det vart premie på Olav veit vi ikkje, men det er fortalt at han brukte 4 dager kvar veg.






