Tysnes Skyttarlag
Flatråker Skyttarlag vart skipa i 1947 med Mikal Skår i spissen. Mikal var den store drivkrafta i laget den fyrste tida. Han laga seg til med eigen treningsbane heime på Øvre Helland. Seinare vart det bygd skytebane ved Hjelnetetjødna på Flatråker med 8 tvillingskiver på 100-meter og 5 skiver på 300-meter. Flatråker skyttarlag er det einaste laget i Tysnes som har vore i drift fram til i dag. I 1982 var det bestemt å endra namnet til Tysnes Skyttarlag sidan dette var det siste gjenlevande laget i kommunen.
Me har fortsatt skytebane ved Hjelnetetjødna på Flatråker. Laget har eige skyttarhus, felles standplass på 100- og 200-meter og parkeringsplass med middels kapasitet. I 2001 stod det nye baneanlegget ferdig med 6 elektroniske skiver på 100-meter og 6 skiver på 200-meter.
Det frivillige Skyttervesen
Det frivillige Skyttervesen (DFS) blei oppretta i 1893, og er den einaste frivillige organisasjon oppretta av det offentlige. DFS grunnregler er vedtatt og blir revidert av Stortinget.
- DFS består av ca 920 skytterlag spredt over heile landet.
- DFS har eit bredt spekter av skyteaktiviteter med rifle, som passer alle fra 10 til over 90 år.
- DFS har mykje å tilby deg som ønskjer ein spennande sport med eit eineståande sosialt miljø.
- DFS arrangerer Landsskytterstevnet kvart år med mellom 4000 og 7000 deltakere.
- DFS ved Gudbrand Gudbrandsen Skatteboe tok i Athen i 1906 Norges første individuelle OL-gull.



