
Komplette resultat og stemneoppgjer
163 skyttarar deltok på det opne stemnet i miniatyr i år. No er resultat- og premielister klare for gjennomsyn.
26.01.12 Les mer

Ove Sunde til topps
Med 246 (10) gjekk Ove Sunde frå Dale heilt til topps i Farnes skyttarlag sitt opne miniatyrstemne. Både Kjartan Huldal frå Åsane/Hordvik og Benedikte Eide Ljøen frå Leikanger hadde same poengsum, men den røynde skyttaren frå Dale drog i land sigeren med fleire innertreff enn dei andre på 246.
23.01.12 Les mer

Benedikte Eide Ljøen i tet
Før siste skytedag i det Opne stemnet til Farnes skyttarlag er det Benedikte Eide Ljøen frå Leikanger skyttarlag som leiar klasse 3-5. Med flotte 246 poeng er ho eit poeng føre Morten Kvam frå Hafslo skyttarlag.
21.01.12 Les mer

Ope stemne - Live
Miniatyrstemnet er i gang, resultat og direktevisning får de ved å nytte LIVE linken i menyen
19.01.12 Les mer

Ole Bjarne Hovland Årdalsmeister miniatyr 2012
Ole Bjarne Hovland gjekk nok ein gong til topps og vart Årdalsmeister i miniatyr. Han skaut 243 poeng, Rigmor Øygarden tok 2. plassen med 240. Det var stor deltaking på årets meisterskap, heile 38 skyttarar deltok!
16.01.12 Les mer
Sesongstart miniatyr denne helga
Helene Vikøren gjekk til topps samanlagt etter 3x249 på stemnene til Nesse, Vadheim og Fjordane denne helga.
15.01.12 Les mer

Klubbmeisterkap miniatyr 2012
Farnes skyttarlag nyttar ope miniatyrstevne i Røti 21-22.jan 2012 som klubbmeisterskap.
12.01.12 Les mer

Korrespondanseskytinga i gang
Knipent tap for seniorlaget, medan det vart siger til Farnes A og B i fyrste runde.
09.01.12 Les mer

Årdalsmeisterkap miniatyr 2012
Farnes skyttarlag arrangerer Årdalsmeisterskap i miniatyr i Røti mandag 16.jan 2012.
09.01.12 Les mer

Ny vaktliste for vaksne i Røti 2012 (torsdagar)
Farnes skyttarlag har satt opp ny vaktliste for vaksne på torsdagar. Vakta er ansvarlig for å låsa opp samt kobla opp elektonikken i Røti til kl.17.30,
06.01.12 Les mer

Nye skytetider ungdomsskyting
Nye skytetider er gjeldane frå måndag 9. januar. Det er no sett opp eit eige lag for nye skyttarar 18:30, der er det framleis ledige plassar.
02.01.12 Les mer

Invitasjon til skytehelg i Indre Sogn!
Aurland, Tønjum, Knipenborg og Farnes skyttarlag byr inn til 4 stemner 15m skyting 21.-22.januar 2012. I tillegg til vanleg premiering har E-Co Aurland sponsa samanlagtpremiar for beste plassiffer og samanlagtsum.
29.12.11 Les mer
Vaktlister ungdomsskyting vinter/vår 2012
Johan og Leiv er klar med nye vaktlister.
23.12.11 Les mer

Lagsmeisterskap og juleskyting
26. desember vert det som vanleg lagsmeisterskap og juleskyting i Røti. Me startar med dei yngste 12:00. Dei vaksne startar så snart ungdomane er ferdige.
14.12.11 Les mer

Treningssamling i Røti 03.des.2011
Farnes skyttarlag arrangerer treningssamling lørdag 03.des.2011 i Røti. Samlinga er delt i to, med barn / ungdom fyrs og vaksne til slutt. Instruktør er Arvid Brennset frå Leikanger skyttarlag.
12.11.11 Les mer

Bestilling av ladekomponentar
Opphengt liste for bestilling heng i Røti fram til søndag 06.nov.2011. Kontaktperson Sigurd Hatlenes tlf 90220083
28.10.11 Les mer
Vaktliste for vaksne i Røti (torsdag)
Farnes skyttarlag har satt opp vaktliste for vaksne på torsdagar. Vakta er ansvarlig for å låsa opp samt kobla opp elektonikken i Røti til kl.17.30,
27.10.11 Les mer
Vaktliste ungdomsskyting hausten 2011
Her er vaktliste for hausten 2011.Dersom de har problem med å møte på angjevne datoar, så er de sjølv ansvarlege for å bytte eller skaffe erstattar.
16.10.11 Les mer
Årsmøte til Farnes skyttarlag er utsatt til 20.10.2011
Ny dato for Årsmøte til Farnes skyttarlag er 20.okt.2011 kl.18:00. Møte vert halde i Årdalshallen (møterom idrettshallen)
04.10.11 Les mer
Ungdomsskyting 2011/2012
Ungdomsskytinga er no i gang inne i Røti, og neste skytedag vert måndag 17. oktober. Skytetider er no fordelt. Kontakt tlf. Leiv 91801419 eller Johann 90870822
04.10.11 Les mer
Siger til Ludvig i finalen
Ludvig, Leiv og Helene var med i finalen i Sparebanken Sogn og Fjordane cuppen. Ludvig vann med 2 poeng, Helene skrudde feil veg og vart til slutt nummer 5.
08.09.11 Les mer
Innkalling til årsmøte
Årsmøte vert halde i Årdalshallen (møterom idrettshallen) torsdag 06.oktober 2011 kl.18:00
02.09.11 Les mer

Nye nummerskilt på 100m og 200m i Mjøen
Farnes skyttarlag takkar ASVO for støtte til nye nummerskilt på 100m og 200m i Mjøen.
02.09.11 Les mer
Oppstart ungdomsskyting
Farnes skyttarlag startar opp innandørsskyting for ungdom i Røti mandag 03 oktober 2011 kl.17:00
24.08.11 Les mer
Helene og Ludvig samlagsmeistrar!
Samlagsmeisterskapet i baneskyting var avvikla på Hafslo. Helene og Ludvig vann begge sine klassar under stemnet, som vart avvikla under fine skyteforhold på Hillestadstølen på Hafslo. I tillegg vann veteranlaget lagskytinga med Sigurd, Leiv og Ludvig på laget.
21.08.11 Les mer

Me gratulerer Helene med kjempeskyting under LS i Bødø
Målet til Helene var finaleskyting på både bane og felt. Det klarte ho med glans, fult hus på bana (350 poeng) og deretter fult hus på felten (42 treff). Dette holdt til ein meget sterk 7 plass og 14 plass i klasse Eldre Rekrutt.
15.08.11 Les mer
Helene og Martin til finale!
Helene knalla til med 30/28 på feltrunden, Martin skaut 247 på bane, begge er klare for finalar. I tillegg persa Sara (biletet) med heile 239 slik at det vart ein flott dag i Bodø. 5. klassingane hadde diverre ikkje heilt dagen og havna eit stykkje nede på resultatlista.
03.08.11 Les mer
Helene og Leiv med 250!
Helene og Leiv banka inn 25 tiarar kvar, og er klare for finalen på bane!
01.08.11 Les mer
Helene klar for lagskyting på LS 2011
Etter ein god forsesong med mykje god skyting er Helene klar for laget på LS 2011 i Bodø.
06.07.11 Les mer
Komplette resultat Vestlandsstemna 2011
Då har arrangøren lagt ut resultat, me skal prøve å oppsummere litt frå stemna.
04.07.11 Les mer
For eit LAG!
Ein av dei siste laga på 100 meter innleiande baneskyting inneheldt stort sett skyttarar frå Farnes. Etter at laget var avslutta var det mykje godord å høyre frå andre skyttarar som såg på live-visningen.
03.07.11 Les mer

Skytetider LS 2011 Bodø
Skytetidene for LS 2011 i Bodø er no klare. Måndag 1. august vert den mest hektiske dagen for Farnes skyttarlag, med 7 skyttarar i elden.
23.06.11 Les mer
Landsdelskretsstemna 2011
Landsdelskretsstemna er no avslutta, og Farnes skyttarlag gjorde eit svært godt mesterskap. Både Helene Vikøren og Martin Wigum skaut godt på bane og felt, og ende begge opp som samanlagtvinnarar i klassane sine. Helene med ein 1. og 2. plass, Martin med to 2. plassar. Ludvig Indrebø vann baneskytinga i V65 med Sigurd Hatlenes like bak. Hjå seniorane var det Bjørn Indrebø som imponerte. 29 treff på felten og 3. plass på bane er solide saker i tøff konkurranse.
19.06.11 Les mer

Resultatliste Jaktfelt 2011
Det vart arrangert jaktfelt på Mjøen skytebane mandag den 06.juni 2011 med mykje god skyting. Vinnarane vart klasse Jeger Geir Fredheim 20/41 og klasse Aktiv Svein Indrebø 20/40
17.06.11 Les mer
Informasjon om ungdomsskytinga
Fyrstkomande tysdag (14. juni) vert det ikkje ungdomsskyting i Mjøen grunna skuleavslutning ved Farnes skule.
11.06.11 Les mer

Lerum Cup - stemneoppgjer og komplette resultat
Lerum Cup 2011 er avslutta, heile 286 skyttarar deltok på Farnes skyttarlag sitt stemne. Det vart mange gode resultat, og spesielt i klasse ER var det høg kvalitet, 6 skyttarar skaut 350!Det endelege stemneoppgjeret og lenker til resultat ligg vedlagt her.
06.06.11 Les mer

Lerum Cup startar for fullt i morgon
Då er alt klart for Lerum Cup 2011. Over 300 skyttarar er påmeldt, og me skal ta godt i mot alle som kjem!
01.06.11 Les mer
Klubbmeisterskap
Farnes skyttarlag nyttar Lerum Cup og som klubbmeisterskap. Farnesskyttarane sine resultat frå skytinga i Mjøen vert teljande, aspirantane startar allereie i kveld 17:00
31.05.11 Les mer

Ole Bjarne Hovland Årdalsmeister 2011
I kastevindar og regn vart det eit jamnt ÅM, der kun 1 poeng skilte dei 3 beste. Ole Bjarne Hovland, Knipenborg, trekte det lengste strået med 335(9). Rune Vikøren to 2. plassen med 334(11) og Rigmor Øygarden 3. plassen med 334(7).
24.05.11 Les mer

Lerum-cup mannskapsliste
Vær vennleg å prøv å bytt innbyrdes dersom det blir kræsj.Klokkeslett blir publisert her på heimesida då det nærmar seg.ved spørsmål ring Rune 917 03 991Det har komme nokre endringer som erstattarar ikkje er klare enno.Ring dersom de føler kallet.
18.05.11 Les mer

Årdalsmeisterskap bane 2011
Farnes skyttarlag arrangerer Årdalsmeisterskap i baneskyting på Mjøen skytebane tysdag 24 mai kl.18:00
18.05.11 Les mer

Ungdomsskytinga startar opp
Ungdomsskytinga startar opp i Mjøen tysdag 3. mai kl. 17:00
01.05.11 Les mer
Svein Kåre Furre vann etter spanande finaleskyting
Svein Kåre Furre frå Leikanger vann grovfelten etter ein tett duell med Robert Sandvik. Begge hadde fullt hus etter innleiande, og begge skaut fullt i finalen. Furre drog det lengste strået med 8 sentrumstreff mot Sandvik sine 4. På tredjeplass kom Rigmor Øygarden frå Farnes med 2 treff mindre.
30.04.11 Les mer

Mannskapsliste 30. april
NB! Vi skyt torsdag kl 18:00, dette tel som klubbmeisterskap og napp i Sparebank Sogn og Fjordane pokalen
25.04.11 Les mer
Innbyding til Ope feltstemne med finaleskyting i Mjøen
Farnes skyttarlag byr med dette inn til ope stemne i feltskyting i Mjøenlaurdag 30. april 2011
14.04.11 Les mer

Årdalsmeisterskap felt 2011
Årdalsmeisterskap i feltskyting LAURDAG 16/4-2011 klokka 11:00 på Loi skytebane
12.04.11 Les mer
Dugnad
I forbindelse med Ope stemne 30. april vert det kalla inn til dugnad for å klargjere dei ulike holda i Mjøen.
05.04.11 Les mer
Vårtreffen 2011 - Mjøen er avlyst
Etter synfaring i Mjøen 16. mars har Farnes skyttarlag beslutta at Vårtreffen 2011 vert avlyst. Grunna mykje snø og is er vegen ikkje køyrbar til denne tida, det er og mykje snø og is på standplass.
18.03.11 Les mer

Vaktliste og informasjon jaktskyting 2011
Her er vaktliste for 2011. Fyrste jakskyting vert mådag 2. mai kl. 17:30-19:00
15.03.11 Les mer












