Jaktskyting 2012, vaktiliste og medlemskort

Vedlagt ligg vaktliste for jaktskyting 2012. Skytinga foregår på elektroniske skiver.Medlemskort og skot er å få kjøpt på skytebana. Ta med pengar, me tek ikkje kort for dei som lurer på det :)

26.04.12   Les mer


Landsskyttarstemnet Voss 2012 - Norum

På denne sida kjem det informasjon om landsskyttarstemnet på Voss, påmeldingar, skytetider og likande. Påmeldinga er og opna, sjå vedlagt informasjon!

13.05.12   Les mer


Gode resulat på bane og feltstemna på Hafslo!

Even og Bente Nina deltok på bane- og feltstevne på Hafslo 6. mai 2012. Eit flott arrangement med kjekke og blide arrangørar.

07.05.12   Les mer


Vaskedugnad for skyttarlaget

Skyttarlaget har fått tilbod om å vaske 5 leiligheiter i Sogndal, til dette treng me at folk stiller opp og vaskar om me skal ta det. Inntekta går til ungdomsarbeidet i laget.

22.04.12   Les mer


Resultat Heradsmeistarskap i felt

Sjå vedlagde lister for resultat og premiering!

14.04.12   Les mer


Bileter frå avslutning av sesongen med premieutdeling og våpenpussing

Søndag 22. april 15.00 hadde me premieutdeling for ALLE ungdomar som har delteke på skyting i vinter. Me pussa og våpen og åt oss godt mette på pizza.

18.04.12   Les mer


Resultat frå samlagstemne og lagsmeistarskap i skifelt

Bjørn Indrebø, Anna Kirsten Hellevang, Lars Brusegard, Frank Venes, Even Øyrehagen, Helene Vikøren og Eirik Indrebø vann sine klassar i samlagmseistarskapet i Øvstedalen.

15.03.12   Les mer


Resultat frå lagsmeistarskapet 2012

Tysdag og fredag denne veka vart det arrangert lagsmeistarskap i miniatyr.Sjå vedlagt fil for resultat!

04.03.12   Les mer


Vaktlister 2012

Vedlagt ligg vaktlister for skyting i vinter.

06.01.12   Les mer


Resultat frå korrespondanseskytinga

Link til resultat for korrespondanseskyting 2012

09.01.12   Les mer


Treningstider i vinter

06.01.12   Les mer


Gode resultat av Norum sine skyttarar i helgi!

Det vart 4 klassesigrar og heile 205 skyttarar på stemnet vårt!

12.02.12   Les mer


Resultat frå stemnene i Aurland, Farnes, Tønjum og Knipenborg

Sjå vedlagte linkar for resultat stemene i helga. Både Bente Nina og Even stakk av med 1.plassar, mens dei andre hadde også gode resultat!

22.01.12   Les mer


Gode resultat på skyttarane våre på stemner dei to siste helgane!

Sjå link for resultat!

16.01.12   Les mer


Resultater og stemneoppgjer frå stemna november 2011

15.11.11   Les mer


Årsmelding Norum Skyttarlag 2011

Vedlagt ligg årsmeldinga frå årsmøtet 2011

30.10.11   Les mer


Årsmøte 28.oktober kl.19.30

Årsmøte i skyttarlaget fredag 28.oktober kl. 19.30 Vanlige årsmøtesaker

12.10.11   Les mer


Martin i finalen på Vestlandsstemna!

Det var ei flott helg for Norum skyttarlag i Førde. Even og Bente Nina skaut for Sogn Indre sine lag i samlagsskytinga og Martin skaut seg til finalen på baneskytinga. På kveldane samlast alle saman til grilling, bordtennis og anna på Jølstraholmen!

14.07.11   Les mer


Jaktskyting på Raunehaug 2011

Det blir arrangert jaktskyting på Raunehaug kvar torsdag fram til jakta startar, samt laurdagane 27.august og 3.september. Skot er å få på skytebana, sjå vedlagt prisliste og vaktliste. Nytt av året er at me skyt på elektronikk. Medlemskort er å få kjøpt på skytebana.

14.07.11   Les mer


Flott helg for Norum på landsdelkretsstemna!

Even og Bente Nina skaut knallsterkt på landsdelkretsstemna førre helg. Even hamna på 2. og 3. plass felt og på bane, mens begge to skaut opp mot sitt alle beste på samlagsskytinga for Sogn-Indre.

27.06.11   Les mer


Gode resulat på HM i baneskyting

Sogndal arrangerte HM i baneskyting 2.pinsedag. Norum hadde med både unge og eldre skyttarar.

15.06.11   Les mer


Invitasjonar Vårtreffen + feltstemner

Vedlagt ligg invitasjonan til Vårtreffen i Årdal og Aurland(NB! Farnes si stemne er avlyst) Vedlagt ligg og invitasjon til feltstemner i Tønjum, Knipenborg og samlagstemne i felt i Feios.

23.03.11   Les mer


Pussekveld og avslutning av innandørssesongen 2011!

Tysdag 22.mars klokka 18.00 hadde kurs i pussing av våpen og premieutdeling for ungdomane i laget. På menyen stod det pølse med brød/lompe, saft, kaffi og juice!

21.03.11   Les mer


Norum vann korrespondanseskytinga 2011!

Norum vann årets korrespondanseskyting med Linn Marie, Frode og Eirik på laget. Norum sitt andrelag skaut og godt, sjølv om dei enda sist i ein spennande finale.

15.03.11   Les mer


Samlagsstemna i skifelt, no med film og bilete!

Flott dag med god stemning og klabbeføre i Øvstedalen. Resultat, bilete og film ligg vedlagt!

13.03.11   Les mer


Resultat frå LM 2011

Vedlagt ligg resultatliste for årets LM i miniatyr

11.03.11   Les mer


22.kal og 6.5kal Krag-Jørgensen for sal!

Skyttarlaget har to Krag-Jørgensen rifler for sal.

08.03.11   Les mer


Resultat Heradsmeistarskap miniatyr

Rekordstor deltaking med 63 deltakarar totalt. Per Roar Lillemo frå Fjærland Skyttarlag vann klasse 3-5.

04.03.11   Les mer


Invitasjon til samlagstemne i skifeltskyting 2011

Tradisjonen tru blir det blir samlagsstemne i skifeltskyting i Bårdgarden søndag 13.mars. Sjå vedlagt invitasjon. Det er viktig at folk melder ifrå kor mange som kjem, slik at me får ei oversikt over korleis ein skal arrangere stemna. Det blir kiosk på stemna.

21.02.11   Les mer


Even vart samlagsmeistar i junior!

Even vann samlagstemna for junior! Dette er første gangen sidan Frank Venes vann samlagstemna i felt i 1995 at ein skyttar frå Norum vinn!

13.02.11   Les mer


Erling Melvær og Marianne Stigen delte sigeren med 245 poeng!

Enorm deltaking, og gode resultat heile helga. I tillegg var det 53 deltakarar i klasse aspirant. Totalt var det 227 skyttarar på stemna vår, noko som er klar rekord.

13.02.11   Les mer


God skyting av Norumskyttarane hjå Farnes/Knipenborg/Tønjum og Aurland!

God skyting og personlege rekordar av alle våre yngste skyttarar i helgi. Linn Marie tok to sigrar, mens Ørjan fann toppforma og imponerte mest av alle. Juniorane våre skaut og godt, og nådde høgt opp til å vere deira første stemner med kneskyting.

23.01.11   Les mer


Timeplan for skytehallen

Vedlagt ligg timeplan for skytehallen. Har ditt lag aktivitetar som skal inn her må de sei ifrå.

04.01.11   Les mer


Grasrotandelen Norum Skyttarlag

Norum Skyttarlag er no registrerte i Grasrotandelen til Norsk Tipping! Me har organisasjonsnr. 995669528. Sei ifrå når du tippar at du vil støtte laget!

25.06.10   Les mer


Marianne Stigen frå Leikanger vann hauststemna vår med 246!

Mariane Stigen vann hauststemna vår med same poengsum som Vegard Solhaug. Elisabeth Skudalsnes enda på tredjeplass med 244.

21.11.10   Les mer


Årsmøte og premieutdeling 2010, med bilete!

Årsmøtet er no ferdig! Me starta kvelden med pizza og premieutdeling før Even og Bente Nina fekk utmerkelsar for gode prestasjonar. Etter dette vart årsmøtet gjennomført med vanlege saker og val av nytt styre. Større sak kjem etterkvart!

29.10.10   Les mer


Skytetider for miniatyrskyting

Sidan me er så mange på skyting på fredagane må me no skyte på to forskjellige kveldar. Dette er tysdagar og fredagar.

02.10.10   Les mer


Rapport frå Elverum!

Norum skyttarlag og Sogn-indre gjorde det svært godt på Elverum! Even skaut seg til finale, og det vart samla beger og medaljar i fleng! Meir bilete kjem etterkvart!

06.08.10   Les mer


LS er i gong, og Even skaut 250 poeng!

Martin, Even, Rune og Frank har allereie skote på Elverum. Best av alle er Even som skaut 250 poeng for første gong i kariera og han er no klar for finalen! Skyttarlaget gratulerar!

01.08.10   Les mer


Norum
Forrige måned
mai
Neste måned
M T O T F L S
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31