Siste nyheter
Ø-cupseier mot Nordstrand B

Ø-cupseier mot Nordstrand B

ROV var attende på gamle høgder under dagens Østlandscupoppgjer mot Nordstrand B på Dusterud. Heile 2715 poeng vart det til slutt og ville vore eit svært bra resultat også i A-cupen.
Både Halvor Kongsjorden, Geir Kongsjorden og John Melvin Tveiten skaut til 343, I tillegg skaut både Sara Tveiten og Synne Nørstegård Tråen årsbeste med sine 337 og 340. Når heller ikkje resten skyt seg bort blir det mykje poeng......
Nordstrand på sin side enda på 2656.
 Les mer om Ø-cupseier mot Nordstrand B

Oppsummering Landsskyttarstemnet 2017

Oppsummering Landsskyttarstemnet 2017

Årets Landsskyttarstemne vart avslutta med feltfinale for Ola Kongsjorden. Ola skaut til 11 treff og dermed eitt stykke ned på lista i denne svært krevande klassa. Årets høgdepunkt for ROV under landsskyttarstemnet vart Halvor og Roar Kongsjordens Ese-sølv i samlagsskytinga. Men også John Melvin Tveiten sine 246, Nerid Kongsjordens 249, Anders Nygård sine glimrande 239 i klasse 1 og Ola Kongsjordens oppvisning av ein banefinale (100 med 9*) var oppturar i årets LS. I tillegg fekk Roar Kongsjorden sin mesterskapsstjerne nummer 15.
Alle ROV-resultat er linka under.
 Les mer om Oppsummering Landsskyttarstemnet 2017