Siste nyheter

Arne, Trine og Vidar med stevnesigrar i helga

Arne, Trine og Vidar med stevnesigrar i helga
Del

Denne helga var det stevner hjå Sogndal, Leikanger, Hafslo og Norum og me fekk mange gode og fine plasseringar.

Sogndal:

Her vann Trine kl. junior med 348 og Arne vann kl. 2 med 340 poeng. Svein Kåre vart nr. to med 345 poeng i kl. 3-5. Kristin Husum kom på ein femteplass i kl. R med poengsummen 342. Janne Marita Bergheim nr fem med 247 poeng. Ellers hadde me mange gode resultat i Sogndal.


Norum:

Vidar Skarsbø Dale vann kl. 3-5 med poengsummen 347 poeng, Svein Kåre fekk 344 og hamna på ein femteplass.

Arne Nes tok ein soleklar klassesiger i kl. 2 med poengsummen 345. Trine Humlestøl Njøs skaut til 348 poeng i juniorklassa og vann dermed denne klassen, Stine, Eirik og Gaute skyt og jamt godt i denne klassen. Ingrid Husum vart den beste i rekruttklassen av våre med 344 poeng og ein fjerdeplass. Arvid Brennset vart beste V55 skyttar og kom på ein 2. plass med 345 poeng. Janne Marita Bergheim skaut til 248 poeng og kom på ein flott tredjeplass i kl. 1. Marianne Moen Rinde kom på ein 2. plass i kl. NV med 244 poeng.

Hafslo:

Trine Humlestøl Njøs fekk 248 poeng og tok med det sin tredje stemnesiger for helga, det same gjorde Arne Nes med 247 poeng vann han kl. 2.Vidar Skarsbø Dale vart best av seniorane med 243 poeng og ein sjuandeplass. Janne Marita Bergheim skaut til 249 poeng og vart rangert bak på innertiarar med vinnaren, ho fekk dermed ein andre plass. Kjell Næss skaut til 248 poeng i kl. V55 og kom på ein tredje plass. Johan Hamre Nornes skaug til 246 poeng i kl. eldre rekrutt og kom på ein femteplass i klassen. Jørgen Humlestøl Njøs skaut til 242 poeng i kl. rekrutt og kom på ein femteplass

Leikanger

Marianne Moen Rinde vann kl. NV med 242 poeng. Janne Marita Bergheim skaut til 246 poeng og hamna på ein femteplass. Stine Njøs Eikeland og Trine Humlestøl Njøs delte tredjeplassen i kl. junior med 346 poeng og 14 innertiarar. I klasse 2 kom Arne Nes på andre plass med 342. Vidar Skarsbø Dale vart nr. 3 i kl. 3-5 med 344 poeng, same poengsum fekk Ingrid Husum i kl. rekrutt også ho vart nr. 3 i klassen. Best av V55 skyttarane våre vart Arvid Brennset på ein femteplass med 343.