Utgraving og bygging i sommar!

Del

Arbeidet med nytt skyttarhus og miniatyrbane i Eivaldgjerde går framover og vi reknar med å komme i gang med utgraving av tomta etter at vi har gjennomført eit møte med kommunen 12.juli. Tomta vert no rydda for kratt og skog og gjort klar for graving.

 

Det nye bygget vil gjere Leikanger skyttarstadion til ei komplett arena innan skyttarsporten. Etter snart fem år med planlegging er det godt å sjå at vi no er klare for byggestart. Målet er å få tett hus til vinteren.

 

Campingvogner og bubilar som er parkert opp mot bakken og ved rubbhallen (plass 1-13 og 25) må flyttast. Alle andre må sørge for at lastebilar og gravemaskiner kan passere utan hindring.

 

Nybygget får ei brutto grunnflate på 388m2 og vert ført opp i ei høgd. Dette gir lett tilkomst og universal utforming for alle brukargrupper. Vi får ei ny flott miniatyrbane med plass til inntil 10 skiver, stort kjøkken, to toalett, lager, datarom og standplassbu. Opphaldsrommet vert over 100m2. Sjå vedlagt teikningar.

 

Last ned filTeikning nytt skyttarhus(6 8 5kb)