Invitasjon til opning av nytt skyttarhus og skytebane i Leikanger 21.oktober

Del

Leikanger skyttarlag invitere til offisiell opning av vårt nye skyttarhus og innandørs skytebane på Leikanger skyttarstadion

Nybygget er realisert gjennom god støtte frå sponsorar og samarbeidspartar, spelemidlar, eigenkapital, gåver, gode leverandørar og ein formidabel dugnadsinnsats.

Vi vil gjerne feire opninga og vonar du har høve til å delta.

 

Programmet laurdag 21.oktober vert om lag slik:

12:45: Frammøte

13:00: Velkommen

  • Historia til skyttarlaget og baneanlegget vårt

  • Fotokavalkade frå byggeperioden og informasjon om prosjeket

  • Takk til sponsorar, samarbeidspartar, leverandørar og medlemmer

13:30 Talar og gratulasjonar

14:00 Servering

14:00 10 skyttarar opnar skytebana

15:00 Trekning av årets lotteri

15:30 Alle som ynskjer får høve til å prøve skytebana.

Omvisning på Leikanger skyttarstadion


På grunn av servering treng vi ei oversikt over kor mange som kjem. Vi ber derfor om at du sender ein e-post med påmelding til olav.skarsbo@gmail.com innan 1.oktober.

Alle er velkommen!

Styret