Vegard Solhaug vinnar kl 3-5 på Landsdelskretsstemna bane 2018

Vegard Solhaug vinnar kl 3-5 på Landsdelskretsstemna bane 2018
Del

Klassevinnarar Landsdelskretsstemna baneskyting

Klasse 3-5:
1. Vegard Solhaug, Aurland 344
2. Roger Nesheim, Eidsbygda 343
3. Johanna Reksten, Nordbygda og Rand 343

V55: Magnar Isene, Førde 343
Kl 1: Stein Birger Svensøy, Fortun 240
Kl 2: Eirik Hylland, Aurland 344

Rekrutt: Ingrid Husum, Leikanger 349
Eldre Rekrutt: Christian Hjartholm Solheim, Oppedal/Brekke 350
Junior: Torinn Eiken, Hyllestad 350
Eldre Junior: Oddlaug Ellingsen Årskaug, Oppedal/Brekke 341
Veteran 65: Knut Lillestøl, Hornindal og Markane 349
Veteran 73: Egil Melvær, Florø 350
Nybgynner voksen: Marianne Moen Rinde, Leikanger 244

Vinnarar samlagskyting:
Ungdom: Sunnfjord 1 - 399
Veteran: Sunnfjord - 399
Senior: Nordfjord 1 - 380

Livevisning og alle resultat frå Landsdelskretsstemna

Del

Her finn du linker til resultat og livevisning frå Landsdelskretsstemna i baneskyting 2018 på Leikanger.

Resultatlister blir oppdatert etter kvart lag.

 

 

             

Oversikt klassevinnarar 

 
     

  Resultat frå Landsdelskretsstemna

 

 

.

Finalegrensene Landsdelskretsstemna 2018

Del

Veteran 73 : 247
Veteran 65 : 247
Eldre Junior : 238
Rekrutt : 242
Eldre rekrutt : 248
Junior : 247
Klasse 2 : 237
Veteran 55 : 242
Klasse 3-5 : 229

Lagoppsetta for samlagskyting og finalar med ca skytetider ligg på resultatsidene.

Tidsplan søndag:
09:30 - samlagsskyting veteran
10:45 - samlagsskyting ungdom
10:20 - samlagsskyting senior
12:00 - banefinalar

Oppdatert tidsplan på Landsdelskretsstemna 2018 - Søndag

Del

Søndag:
09:30-10:45 - samlagsskyting veteran
10:45-12:00 - samlagsskyting ungdom
10:20-12:00 - samlagsskyting senior
12:00-14.30 - banefinalar

Oppdatert: Fristar for påmelding lag til samlagsskyting

Del

Frist for påmelding til samlagskyting Veteran, Ungdom og Senior: Laurdag 9. juni klokka 18:00


Kvart samlag kan melde på inntil 2 lag på kvar av samlagsskytingane.

Pris pr lag er kr 100,- som må betalast innan påmeldingsfristen.


På laget for samlagsskyting Ungdom må det vere med 2 skyttarar som skyt juniorprogram og 2 frå klasse Rekrutt/Eldre rekrutt.

På laget for samlagsskyting Veteran må det vere med 2 skyttarar som skyt V55-program og 2 frå klasse V65/V73.

På laget for samlagsskyting Senior kan ha skyttar frå klasse J, EJ, 1-5 og Veteranar som alle skyt grunnlagprogrammet til klasse 3-5. 

 

 

Oppdatert: Skytetider Landsdelskretsstemna 2018

Del

På grunn av at felten er avlyst på Landsdelskretsstemna så er det gjort justeringar av skytetidene på baneskytinga.
Her finn de oversikt over oppdaterte skytetider på baneskytinga.

Samlagsskytinga for veteranar er flytta til søndag morgon med start klokka 09:30.

Skytetider for kvart enkelte skyttarlag 

     

 Skytetid 100m

 

  Skytetid 200m

 

 Lagvise skytetider finn de her på DFS:

 

Bane

 

 


Oppdatert tidsplan

Søndag:
09:30-10:30 - Samlagsskyting veteran                 
10:30-12:00 - Samlagsskyting ungdom og senior 
12:00-15.30 - Finalar                                             


Vi vil også minne laga om gåvepremiar. Dei som ønskjer å gi gåvepremie til både felt og bane, kan betale inn på konto 37810731045
Merk innbetalinga med «Gåvepremie LDKS» og «lagsnamn».


Parkering campingvogn og bubilar på Leikanger skyttarstadion

Del

Det vil vere mulig å parkere campingvogn og bubilar på Kvålen industriområdet (like over skytebana i Leikanger) under skyting på Landsdelkretsstemna. Sjå kartet under.
Leikanger kommune tillet ikkje nokon å overnatte i campingvogn/bubil på Kvålen.

Overnatting med campingvogn og bubilar vert henvist til Syrstrond camping på Leikanger eller Kjørnes camping i Sogndal.

Mestapokalane

Del

For 2018 har Mesta v/ Kjell Næss gitt sølvpokalar til alle klassevinnarane.
Reglane er dei same som dei var for vandrepokalen, at klassevinnar blir
den som har lågast plassiffer samanlagt på 42 skot felt og 35 skot bane.
For klassar som ikkje har finalar, blir vinnar kåra på 30 skot felt og 25 skot bane.
Dersom nokon står likt, blir vinnar kåra på
samla tal innertreff på felt og innertiarar på bane.
I år vil vinnarane av Mestapokalane bli kåra etter at feltmeisterskapet er blitt avvikla.

Feltskytinga på Landsdelskretsstemna er avlyst pga brannfaren

Del

Det er no blitt endeleg avklart at feltskytinga i Fortun vert avlyst på grunn av brannfaren.

Leikanger gjennomfører baneskytinga på Landsdelskretsstemna som planlagt.

Skytetider og tidplan kan bli endra som følge av avlysinga av felten. Det kjem oppdatering på dette mandag kveld.

Kretsen jobbar med eit alternativ for Landsdelskretsstemna i felt seinare i sommar.

Invitasjon til Landsdelskretsstemne bane og felt 2018

Del

8.-10. juni arrangerer Fortun og Leikanger skyttarlag landsdelskretsstemnet i bane- og feltskyting.
Innleiande feltrunde, stang- og felthurtigskyting vert i Fortun, medan baneskytinga og finalane vert i Leikanger.
Vi ønskjer å ha samlagsskytinga for veteranar på laurdags ettermiddag/kveld.

Webpåmeldinga er open frå 10. april til og med 21.mai. Det er enkel og felles påmelding for både felt og bane, og skytetider vil bli fordelte og lagt ut innan 27. mai.
Om nokon ikkje skal skyte både felt og bane eller har andre ønskjer, ber vi om at dei melder det på epost til arrangørlaga.

Meir informasjon vil de etterkvart finne på laga sine heimesider.