Invitasjon til Landsdelskretsstemne bane og felt 2018

Del

8.-10. juni arrangerer Fortun og Leikanger skyttarlag landsdelskretsstemnet i bane- og feltskyting.
Innleiande feltrunde, stang- og felthurtigskyting vert i Fortun, medan baneskytinga og finalane vert i Leikanger.
Vi ønskjer å ha samlagsskytinga for veteranar på laurdags ettermiddag/kveld.

Webpåmeldinga er open frå 10. april til og med 21.mai. Det er enkel og felles påmelding for både felt og bane, og skytetider vil bli fordelte og lagt ut innan 27. mai.
Om nokon ikkje skal skyte både felt og bane eller har andre ønskjer, ber vi om at dei melder det på epost til arrangørlaga.

Meir informasjon vil de etterkvart finne på laga sine heimesider.