Leikanger Skyttarlag si historie

Del

Leikanger skyttarlag vart stifta i 1876.

Laget vart skipa 17. desember 1876, og er med det den eldste frivillige organisasjonen i kommunen. Alle møteprotokollar opp gjennom åra er tekne vare på. På skipingsmøtet var både amtmann, sokneprest og sorenskrivar mellom underskrivarane.

I 1906, etter 30 år, gjekk innaføringane og utaføringane frå kvarandre, og Systrond skyttarlag vart skipa for ytre-bygda. (I ein kortare periode var det også eit tredje lag, Leikanger Nye). I 1977 fann dei to laga ut at tida var moden for samanslåing, og etter det har Leikanger skyttarlag samla alle skyttarane i bygda.

Samanslåinga kom i starten på ein aktiv periode for laget som har gått heilt fram til i dag. Vi kan nemne bygging av miniatyrbana i 1983 og ombygging av bana i Eivaldgjerde som vart ferdig i 1995.

Her er bilde av baneområdet i 1905 og i 2001.