Juleskyting 2006

Det var bra frammøte på den tradisjonelle juleskytinga med totalt 12 deltakarar. Ein av dei som fann fram skyteutstyret og viste at han framleis kan, var Bent Andre Støyva. Siv Kristin Laberg Yttri, som til vanleg skyt kne og liggande, viste på eine grunnlaget at ho også kan treffe på ståande, der ho overbeviste med 96 poeng. Årets julenisse vart Eivind Yttri etter å ha fått 340 poeng på skytinga som er 5 ligg, 5 stå, 5 kne og to grunnlag (3 stå, 3 kne og 4 ligg).
På denne skytinga er det to klassar, det er vaksen og vel vaksen. I eldste klasse, som skyt 25 ligg, vart Harald Furre best. Fullstendig resultatliste ser du ved å klikke deg vidare.
 Les mer om Juleskyting 2006

Resultat Fylkesmeisterskapet i miniatyr 2006

Fylkesstemna i miniatyr vart avslutta med medaljeutdeling kl.1645, ein halv time etter skjema. Då hadde 169 skyttarar vore igjennom, noko som er ny deltakarrekord for fylkesstemne i miniatyr. Leikanger sin eigen Svein Kåre Furre vann kl.2-5 med gode 246. Dei unge viste også svært god skyting, mellom anna vinnaren i rekrutt Lars Haugnes med heile 249 poeng. I klasse ER var det 4 skyttarar med 249, Ola-Andreas Hande frå Aurland vann. Jostein Koldingnes vann juniorklassen som i fjor, rangert framfor Elisabeth Skudalsnes. Også i veteranklassane var det mykje god skyting. Les mer om Resultat Fylkesmeisterskapet i miniatyr 2006

Opne stemner Voss og Granvin

Del

Per Ove held fram med god skyting og enda på 342 og 341 på dei to stemnene.

Opne stemner Voss og Granvin Mini - Per Ove Fossheim i godt humør


Han hadde 100 poeng på begge omgangane og sterke grunnlag med 99 og 98. Arvid skaut 238-335 på Granvin og 234 på Voss. Eivind hadde 236-336 og 234-332.