Tredje og siste runde i Norgescupen

7 skyttarar reiste i lag til Rogaland for å få med seg siste runde i norgescupen. Dette vart lang køyring, men ein sosialt og skytemessig god tur. 3 av dei som reiste fekk med seg cup-poeng heimatt. Svein Kåre viste styrke på siste stemna (Gjesdal) og skaut 243 og 100, med det skaut han seg opp frå 41.plass til delt 17. Dette ga til slutt ein flott 25.plass samanlagt i norgescupen og viser at Svein Kåre held seg godt inne blant dei beste skyttarane i landet.
Per Ove Fossheim skaut godt og fekk med seg 17 cup-poeng. Lars Hallvard Ese frå Balestrand som var ein av dei 7 som reiste i lag, vart nr. 39 på stemna til Gjesdal og sikra seg 12 cup-poeng.
 Les mer om Tredje og siste runde i Norgescupen

Miniatyrstemner i Vetlefjorden og Nesse

Heile 20 skyttarar frå Leikanger deltok på desse to stemnene. Vi ser med glede at så mange av våre unge er med. Som før visar det seg at nokon får det til å stemme med ein gong, medan andre må igjennom nokre stemner for å få ting på plass, så tidleg i sesongen.
Vi hadde heile 5 deltakarar i klasse Aspirant. Desse unge blir alle premiert og vi fokuserar ikkje så mykje på resultat, men det må nemnast at Silje Marie Fossheim skaut heile 243. Men også Unni Lefdal Hove, Agathe Skarsbø Dale, Thomas Valvik Yttri og Gabriel Skjulhaug Yttri gjorde sine saker bra.
Våre rekrutt/juniorskyttarar hadde også fleire gode resultat. Mellom anna vann Vidar Skarsbø Dale og Stian Andre Fossøy klasse Rekrutt på kvar si stemne.
Av dei vaksne skaut Svein Kåre Furre best, han vann Belecup samanlagt etter å ha vunne begge stemnene. Sverre Fossen vann begge stemnene i V65, Jakob Støyva vann V73 på Nessane. Eivind Yttri vart nummer to på Nessane. Vi har ikkje fullstendige resultatlister, slik at vi veit enno ikkje endelege plasseringar.
 Les mer om Miniatyrstemner i Vetlefjorden og Nesse

Miniatyrstemner Hafslo, Indre Hafslo og Fortun

Også denne helga hadde ein del av våre skyttarar teke turen på stemner. Stian Andre Fossøy skaut godt i Fortun med 242 i rekrutt, Svein Kåre Furre skaut jamt 242, 241 og 241, han låg heilt i toppen midt på dagen, og Arvid Brennset slo til med gode 237 på Indre Hafslo. Vi har ikkje oversikt over alle plasseringar, men veit at Svein Kåre vann stemna på Hafslo, her fekk vi også klassevinnarar med Stian Andre i rekrutt, Sverre i V65 og Ragnar i V73. Les mer om Miniatyrstemner Hafslo, Indre Hafslo og Fortun

Torbjørn Strømseng samlagsmeistar i feltskyting

Torbjørn skaut fullt hus, 12 treff, i finalen og vann klasse V73. Elles på finfelten hadde Maria Sæbø Nes i Eldre Rekrutt og Stian Andre Fossøy i Rekrutt fullt hus i finalen og begge vart nummer to i sine klassar. På grovfelten vart Kjell Folkestad best av våre skyttarar med ein flott andreplass med 12/5 i finalen og totalt 41/5. Vinnar var Ole Bjarne Hovland frå Knipenborg med 42/6. Svein Kåre Furre var som mange ganger før, med heilt i toppen og enda på tredjeplass med 40/9. Tone Anette Espe skaut nest best av alle på finalen og fekk til slutt 40/7 på femteplass. I tillegg til desse var Per Ove Fossheim og Nils Olav Øy med på finalen, dei enda på 37/4 og 37/5, etter solid skyting i finalen. Lagskytinga på grovfelten vart ikkje det heilt store for vår del. På A-laget hadde Kjell og Svein Kåre begge 29, Eivind Yttri rota seg bort med 16. B-laget hadde Inge Yttri med 22, Arvid Brennset med 21 og Ivar Husum med 19. Lagskytinga vart vunnen av Knipenborg med 82 treff.
Vi gleda oss også over å sjå Kjell Næss og Arne Nes tilbake og håpar det ikkje blir like lenge til neste gang dei dukkar opp.
 Les mer om Torbjørn Strømseng samlagsmeistar i feltskyting

Miniatyrstemner Aurland, Tønjum, Knipenborg og Farnes

For første gang fekk vi på ei opi stemne prøve det nye flotte anlegget til Tønjum skyttarlag. Fire stemner på ein tur var hektisk, men fleire av våre skyttarar ville prøve seg. Jomar Skarsbø Dale persa med 245 i Lærdal (Tønjum), vi gratulerar med flott resultat. Vidar Skarsbø Dale, vann Rekrutt på stemna til Farnes, på Knipenborg fekk han heile 235 med 24 skot, her sette han ein tiar i feil skive. Maria Sæbø Nes skyt jamt godt med 240 og 241 i Eldre Rekrutt, Gabriel Skjulhaug Yttri sette pers med 235 i Aspirant. Av dei vaksne skaut Svein Kåre Furre gode 246 på stemna til Knipenborg, Eivind Yttri hadde 244 i Aurland. Les mer om Miniatyrstemner Aurland, Tønjum, Knipenborg og Farnes

Banestemner Florø, Norheimsund og Syvde

Nokre av våre skyttarar nytta pinshelga til skyting. I Florø var Svein Kåre Furre best av seniorane med 342, han hadde heile 4 gode taparar på liggandeskyting, og visar dermed at formen er bra. Jan Helge fekk 316 med ein bom. Gledeleg å sjå at 3 av våre yngste også var tilstades. Det vart litt skruing på dei med cal.22 og vind.
I Norheimsund skaut Per Ove Fossheim gode 240-339 på 300 meter. På stemna til Syvde fekk Tone Anette Espe 231-327.
 Les mer om Banestemner Florø, Norheimsund og Syvde

Feltskyting Tønjum og Knipenborg

No er feltsesongen i gang i Sogn også. Vi hadde med total 7 skyttarar på finfelten og 9 skyttarar på grovfelten. Litt blanda resultat, men fleire av våre skyttarar viste gode takter. Harald Furre skaut 30/14 i V65 på stemna til Knipenborg, Ragnar Husabø og Torbjørn Strømseng i V73 hadde 29/17 og 29/14. På grovfelten var Eivind Yttri best av våre med 27/12. Her skaut fleire av våre godt fram til siste holdet. Tone Anette Espe hadde fullt før dette holdet, Svein Kåre Furre, Kjell Folkestad og Ivar Husum hadde alle tapt berre eitt. Men når Tone fekk 1/0, Ivar 2/0 og Svein Kåre og Kjell var blanke, vart det litt for lite i sum.
Også på stemna til Tønjum var det fleire gode resultat.
Vi gledar oss også over at dei unge var representert med Stian Andre Fossøy i rekrutt og Gabriel Skjulhaug Yttri i aspirant. Begge to skaut godt.
 Les mer om Feltskyting Tønjum og Knipenborg

Svein Kåre vann feltskytinga på Vårtreffen

Fleire av våre skyttarar prøvde baneforma på Vårtreffen alt på fredag. Toppresultata mangla, men det var mange lyspunkt i form av gode seriar. Av seniorane var det Svein Kåre Furre som oppnådde dei beste resultata, med 338 og 339. I Aurland hadde også Per Ove Fossheim 339 og Kjell Folkestad skaut 337. På stemna til Knipenborg var Per Ove uheldig og fekk ut berre 9 skot på grunnlaget. Laurdag skaut Ivar Husum, veteranane og dei unge. Vi merka oss Maria Sæbø Nes som starta med 150 på 15-skoten i Eldre Rekrutt og Sverre Fossen som skaut godt i V65.
Søndag var det feltskyting. Svein Kåre gjorde ingen feil innleiande og fekk 30 treff på begge stemnene. Det gav figur 2 på finalen. På finalen var det ingen som klarde å svare på den gode skytinga til Svein Kåre og han vart dermed vinnar og einaste skyttar med 40 treff. På stemna til Stålring, som var den vanskelegaste, var det totalt 6 skyttarar med 30 treff, 3 av desse var frå Leikanger. Tone Anette Espe var best av våre på tredjeplass, Svein Kåre vart nummer 4 og Kjell Folkestad vart nummer 6.
 Les mer om Svein Kåre vann feltskytinga på Vårtreffen

Svein Kåre med solid skyting på opne banestemner i Årdal

Farnes og Knipenborg arrangerte opne stemner 19.mai, stemna til Knipenborg var også skyting om organisasjonsmedaljen. Svein Kåre viste solid skyting og vann stemna til Farnes med 343 poeng, eitt poeng framfor Herman Erdal frå Førde. På stemna til Knipenborg har vi ikkje fått sluttresultata, men det kan vere at Svein Kåre også vann der med sine 342. På 100 meter fekk Vidar Skarsbø Dale gode 343 i Rekrutt i stemna til Knipenborg, her hadde Gabriel Skjulhaug Yttri 243 i Aspirant. Silje Marie Fossheim hadde 239 på begge stemnene i Aspirant, begge desse to med støtte. Thomas Valvik Yttri utan støtte fekk 206 og 203. Harald Furre som var vår einaste veteran på desse stemnene fekk 341 på stemna til Farnes i V65, han hadde då 100 med 7 inner på tiskoten. Les mer om Svein Kåre med solid skyting på opne banestemner i Årdal

Bane og feltstemne på Hafslo

Over 20 av våre skyttarar deltok på bane og feltstemne på Hafslo. Vi kan med glede sjå at ungdomsutvalet også i utesesongen klarar å holde høg aktivitet, denne gangen med 9 deltakarar. Vi merkar oss mellom anna at Jomar Skarsbø Dale slo til med 100 på omgangen og totalt 341 i junior. Av seniorane var Svein Kåre Furre best, og han leia stemnet på laurdag ettermiddag med 342. På felten var Tone Anette Espe "bestemann" av våre, med 29/11, det var eitt innertreff bak leiaren laurdag ettermiddag. Stemnet går også søndag. 5 av våre veteranar deltok og oppnådde gode resultat. Les mer om Bane og feltstemne på Hafslo

Uttak til lagskyting

Tradisjon tru gjennomfører vi ei trening som er med som grunnlag for laguttak blant seniorane. Det var brukbart frammøte med 8 skyttarar. I tillegg var Nils Olav Øy forbi, men han måtte reise før vi starta opp. Dei store resultata vart det ikkje, men ein del lovande tendensar var å sjå. Arvid Brennset skaut eit skot i skiva til Tone Anette Espe, for å få ho inn på A-laget? Elles skaut Arvid svært godt, han hadde heile 26 tiarar på dei 34 skota han skaut i si eiga skive. Jan Helge Furre skaut også ein god 25-skot med 236. Les mer om Uttak til lagskyting

Resultat etter laurdag på Leikangerstemna

Ein flott dag på Leikangerbana med mange gode resultat. I Rekrutt leiar Magnus Ågotnes, Fana, med 348 poeng. I Eldre Rekrutt har både Endre Varlid, Hyllestad, og Lasse Hylland, Aurland, skote fullt hus med 350 poeng. Elisabeth Skudalsnes, Gaular, leiar Junior med 349 poeng. Arnold Haugen, Fana, har 350 poeng i V65. I V73 leiar Per Tøn, Voss, med 346. Knipenborg sin Bjarne Sandvik leiar V55 med 247, same poengsum som Alf Høysæter, Tysse. Ingunn Sandvik, Knipenborg, leiar klasse 2 med 235. I klasse 3-5 er Frode Kristensen, Åsane og Hordvik, på topp med 347 etter at han skaut fullt hus på 15-skoten, 97 på grunnlaget og fullt på omgangen. Les mer om Resultat etter laurdag på Leikangerstemna