4 Leikangerlag i finalen i Kiwi cup

Del

Vi hadde med 4 lag på Kiwicup-finalen hjå Knipenborg. Ungdomslaget vann finalen på 100m, medan seniorlaget vart nummer to på 200m.

Ungdomslaget med Stian Andre 245, Maria 248 og Vidar 248, kvalifiserte seg til superfinalen saman med Aurland og Tønjum. Veteranlaget med Sverre Fossen, Johannes Henjum og Ragnar Husabø skaut også godt, men kom ikkje til superfinalen. På superfinalen skaut Maria 98, medan Stian Andre og Vidar hadde fullt hus og det holdt til seier.

På 200m hadde vi også to lag. Leikanger A med Marianne 237, Eivind 236 og Arve 234, kvalifiserte seg til superfinalen. Leikanger B med Jørn 231, Jomar 233 og Jan Helge 228, vart saman med Knipenborg B utslegne. På superfinalen kom Knipenborg A med 189, Leikanger A med 187 (Eivind 94 og Arve 93) og Aurland med 185. Vegard Solhaug skaut 97, Marianne skaut også 97 og sikra andreplassen. Ole Bjarne Hovland på skive skaut 100 med 7 inner og seieren gjekk til Knipenborg A.