Austlandscup mot Spydeberg

Del

Ikkje uventa vart det tap mot Spydeberg i første runde i austlandscupen. Men vi hadde nok eit håp om noko betre poengsum.

Spydeberg fekk 2667 mot våre 2585. Gledeleg var det at Marianne var best av alle individuelt med 339.

Medan Spydeberg sine skyttarar skaut jamt rundt 335, spreidde vi det meir utover.

Marianne 339, Svein Kåre 335, Eivind 333, Atle 322, Jørn 321 (med bom), Janne 317, Inge 316 og Jan Helge 302.

Ettersom vi tapte går vi no i B-cupen. Følg med på heimesida til Asker for resultat og trekning.

5 av våre skyttarar skaut også stemnene til Nittedal og Rælingen. Svein Kåre skaut gode 345 i Rælingen.



Namn  Kl  Nittedal  Rælingen   Spydeberg
Svein Kåre Furre   5  242 - 342  245 - 345  235 - 335
Eivind Yttri   5  234 - 331  232 - 330  236 - 333
Inge Yttri   4  229 - 325  -  222 - 316
Atle Lunde   4  226 - 318  233 - 331  227 - 322
Jan Helge Furre   3  219 - 314  232 - 326  209 - 302
Jørn Njøs   4  -  -  223 - 321
Janne H Njøs   4  -  -  223 - 317
Marianne Stigen   5  -  -   239 - 339