Første runden i Norgescupen 2009

Første runden i Norgescupen 2009
Del

Leikanger hadde 12 skyttarar påmeldt. Eivind hadde god start på Gjøvik med 50-49, men avslutta moderat og enda på 239. Laurdag skaut dei fleste av skyttarane våre to av stemnene. Det var sambuarparet Tone Anette og Kjell som var best av våre på kvart sitt stemne med 343. Dei andre hadde også mange fine resultat. På søndagen var det nok ein gang Kjell som slo til, denne gangen med 245.

Her er resultata våre. For å sjå andre resultat, sjå http://nc2009runde1.no

Tone Anette som hadde det flotte resultatet på Nation/organisasjonsskytinga, held fram med god skyting og sette pers på 25-skoten på Søndre Land med 244 og tangerte persen med 343. God skyting var det, i og med at ho hadde 3*9.9 på liggande skot på 35-skoten. Likevel held ikkje denne gode skytinga til NC-poeng.

Kjell, Per Ove og Svein Kåre skyt også jamt godt. Kjell sitt resultat på 343 på Tingelstad gjer at han ligg på 27.plass laurdag kveld. Per Ove med 342 heng også såvidt innanfor poeng-grensa laurdag kveld.

Søndag slo Kjell til med heile 245 - 344 på Gjøvik.

Til slutt fekk Kjell 51 poeng (19 + 32) og ligg på ein flott 26. plass samanlagt i Norgescupen etter første runde. Per Ove fekk 2 NC poeng

Namn  Kl  Tingelstad  Søndre Land  Gjøvik & Brusveen 
Jørn Njøs   4  234 -  234 - 333  224
Janne H Njøs   4  237 -  234 - 332  236
Eivind Yttri   5  232 - 331  239 - 338  239
Inge Yttri   4  229 - 329  235 - 330  231
Ivar Husum   4

Trekt seg

Trekt seg  Trekt seg
Tone Anette Espe   5  237 - 337  244 - 343  237
Kjell Folkestad  5  243 - 343  235 - 333  245 - 344
Arvid Brennset   4  223 - 319  221 - 318  223
Svein Kåre Furre   5  241 - 341  243 - 342  Søndag
Jan Helge Furre   3  231 - 329  221 - 319  216
Per Ove Fossheim   5  242 - 342  240 - 339  236
Marianne Stigen   5  241 - 338  234 - 328  240