Haustcup i Gaular

Del

Jomar Skarsbø Dale vann kl.2 etter flott skyting. Maria Sæbø Nes, Stian Andre Fossøy og Vidar Skarsbø Dale hadde også kvalifisert seg til finalen.

Jomar skaut gode 148 (50, 49, 49) i innleiiande runde og kvalifiserte seg dermed til finale mot Oddmund Tormodset, Viksdalen, som skaut 149 (50, 50, 49)

I finalen skaut Jomar 98 mot Oddmund 93.

Maria, Stian Andre og Vidar skyt alle i klasse Junior.

Maria og Stian Andre møtte kvarandre i innleiiande runde. Maria gikk vidare til finale med gode 149 (50, 49, 50). Stian Andre gjorde ein flott konkuranse med 147 (50, 49, 48)

Vidar hadde ikkje heilt dagen og enda på 143 (48, 47, 48)

I finalen i enda Maria på ein fin 2.plass med 97, berre slegen av Joakim Haugland frå Haugen med 98