Miniatyrstemner i Hallingdal

Del

6 av våre skyttarar deltok på 3 miniatyrstemner i Hallingdal. Marianne Stigen var best av våre på alle tre stemnene. På Gol skaut ho gode 246.

Marianne Stigen som kjem frå nettopp Gol, slo til med gode 246. Dette holdt til 6.plass på stemna. Svein Kåre Furre følgde opp med 245 som ga 10.plass. Ivar Husum og Kjell Folkestad med 240 vart nr.21 og 22, medan Per Ove Fossheim og Eivind Yttri delte 24.plass med 239.

På stemna til Hadding var også Marianne best, her med 243. Vidare hadde Eivind og Svein Kåre 239, Per Ove 238, Kjell 237 og Ivar 236.

Hovet og Hol si stemne var nok ein anledning for Marianne til å slå gutane. No slo ho Svein Kåre på rangering, begge med 243, Kjell 241, Eivind og Ivar 239, Per Ove 234.