Randsfjord slo oss ut av Austlandscupen

Del

Det vart tap mot Randsfjord i første runde i B-cupen. Dermed var det over og ut for vår del. Best av alle individuelt var Tone Anette Espe.

Tone Anette skaut seg til pers og 245 på 25-skoten. Det vart 97 og totalt 342. Ho var dermed eitt poeng framfor Svein Kåre Furre som var nest best av alle. Likevel var det Randsfjord som vann med 2638 mot våre 2626.

Elles var det damene våre som gjorde det best, Marianne med 336 og Janne med 333.

Våre resultat var:

Tone Anette 245-342, Svein Kåre 241-341 (einaste av alle 16 som skaut 100 på omgangen!), Marianne 238-336, Janne 236-333, Eivind 234-332, Jørn 224-317, Arvid 219-315 og Jan Helge 217-310.