Samlagstemne i skifelt med innlagt lagsmeistarskap

Del

Under fine forhold vart årets samlagsstemne i skifelt gjennomført. I underkant av 40 deltakarar og varierande grad av proft utstyr og mange deltakarar og publikum som hadde ei fin stund. Leikanger fekk mange klassevinnarar.

Vi har ikkje resultatlista, men med fare for å gløyme nokon, prøver vi å ramse opp klassevinnarane våre på samlagsstemna.

Andreas Oppedal Jacobsen vann klasse Rekrutt, Vidar Skarsbø Dale vann Eldre rekrutt, Maria Sæbø Nes vann jenteklassen. Jomar Skarsbø Dale vann juniorklassen, Janne Humlestøl Njøs vann dameklassen, medan Per Ove Fossheim (som i fjor vann skyttarklassen) vann aktiv klassen. Skyttarklasse I vart vunnen av Vidar Jacobsen og skyttarklasse II av Arvid Brennset.

For at ikkje heimesideansvarleg skal bli mistenkt for å skjule noko så blir det med dette stadfesta at Arve Yttri på nokre plankar av ski slo Eivind, dei hadde 30.00 og 30.15, omlag 10 minutt bak Per Ove.