Thor Harald Bergum Jensen med ny pers i Naustdal. Fleire gode resultat på opne stemner i Fjordane

Del

Thor Harald slo til med 347 og pers i klasse Eldre Rekrutt på stemna til Naustdal. Vidar Skarsbø Dale skaut 349 i samme klasse i Florø og vart nummer 2. Seniorane hadde også gode resultat.

 Svein Kåre vart nummer to på stemna til Florø med 346 poeng, 3 inner bak vinnaren. I Florø var det også lagskyting for 3 seniorar på grunnlaget. Her vart Leikanger nummer 3, 3 poeng bak Hyen. På laget var Svein Kåre med 99, Eivind med 98 og Arne med 92.

I Naustdal skaut Tone Anette og Kjell godt. Det gjorde forsåvidt også Svein Kåre, men først etter skeiv ligg med 48 og 42 på stå, deretter hadde han fullt på kne og 99-100.



Namn  Kl  Naustdal  Florø  Hyen 
Vidar Skarsbø Dale  ER  ? - ?  249 - 349   -
Thor Harald Bergum Jensen  ER  ? - 347  ? - 339   -
Helena Sæbø Nes  ? - ?  ? - 322  -
Maria Sæbø Nes  ? - ?  ? - 345   -
Svein Kåre Furre  239 - 339  247 - 346 240 - 339 
Kjell Folkestad  242 - 341   - 231 - 329 
Tone Anette Espe  243 - 340   - 236 - 334 
Eivind Yttri  234 - 333  235 - 333 230 - 327 
Arne L Nes  ? - ?  223 - 321  -