Vestlandsstemna i bane og felt i Gulen

Del

Nokre av våre skyttarar deltok på Vestlandsstemna. Det var nok dei yngste som markerte seg best.

Det var ganske stort fråfall av våre skyttarar, slik at det var berre halvparten av dei påmeldte som møtte.

Baneresultat finn ein på heimesida til Nyborg. Andreas vann 25-skoten i klasse rekrutt, og enda på tredjeplass til slutt. Stian Andre og Maria skaut godt, men nådde ikkje heilt opp i den harde kampen. Av seniorane var det to som kom med på finalen, det var Svein Kåre med 241-338 og Eivind med 234-333.

Vi hadde med fleire skyttarar på lagskytingane, sjå resultat på heimesida til Nyborg. På 100 meter skaut Andreas fullt hus, Maria hadde 99. Stian Andre og Helena var også med. På 200 meter skaut Svein Kåre 92 og Per Ove 90 på første-laget, medan Eivind hadde 94 på andre-laget.

Våre baneresultat:


Namn  Kl  Resultat 
Svein Kåre Furre   5  241-338
Eivind Yttri   5  234-333
Per Ove Fossheim   5  229
Jan Helge Furre   3  227
Inge Yttri   4  226
Sissel Ånneland   2  221
Andreas Oppedal Jacobsen   R  247-345
Helena Sæbø Nes   R  235
Stian Andre Fossøy   ER  247
Maria Sæbø Nes   J  245-345


På felten var det kun Andreas Oppedal Jacobsen som nådde i premie. Han vart nummer 6.

Våre resultat:

Namn  Kl  Resultat 
Andreas Oppedal Jacobsen   R  28/12 40/20
Helena Sæbø Nes   R   9/3    19/7
Stian Andre Fossøy   ER  3/1
Maria Sæbø Nes   J  28/21 40/26
Ragnar Husabø   V73  27/10  39/15
Svein Kåre Furre   5   26/15 37/22
Eivind Yttri   5  26/10 35/14
Per Ove Fossheim   5  21/12 32/18
Jan Helge Furre   3  24/9   31/12


For meir feltresultat, gå på linker og sida til Oppedal/Brekke.

På baneområdet til Nyborg vart det også arrangert stang og felthurtig. Eivind skaut 27 treff på stangen og fekk omskyting med Trygve Djuvsland om seieren. Det enda med 14+11=25 for Eivind og tre treff bak, og dermed andreplass.

Eivind var også best av våre på stuparen med 10,69.